Kul- og turinteresserte har nå sjansen til å bli med på ein sjeldan kulturhistorisk vandring til stadar dei færrast har vore før.
Den dyktige og kunnskapsrike og erfarne friluftsmannen Jon Slyngstad vil vere ferdalos – og kan vegen og har mykje og fortelje frå dei plassane ein skal innom. Deltakarane får oppleve stadar der det tidlegare har stått hus og budd folk – og som levde liv under harde kår og tunge tak. Her er mykje levd liv og historiar å fortelje om.
Oppmøte for dei påmeldte ved Stranda ferjekai kl 08.00 eller ved Liabygda ferjekai innan kl 0815, og Stranda Turlag tilbyr gratis busstransport til turstart ved Kvammen i Stordal.
Dette blir ein vaksen og lang dagstur, men ingen topptur, og godt utafor allfarvei.
Turen høver best for turglade vaksne, turglade med interesse for kulturminne undervegs – og kan glede seg over at det er i motbakkar det går oppover.
Den planlagde turen går frå Kvammen og utover Holmebugen til Stordalsholmen. Så opp til Holmhalsen og ned til inste Øggardsplassen, Latøyplassen og til Djupdalsnaustet. Frå naustet vil ein følgje Djupdalsstigen til tunet på 354 moh, og det meste av ferda vidare blir å følgje råsa frå Holmesetra til Klebergsetra, Hammaren, Ansok og til Grova og tilbake til Liabygda ferjekai der bilar – og ferje tek ein heimatt.
Veratterhald !
Samla gangtid vil vere om lag ti timar: om lag 20 kilometer og totalt omlag 1100 høgdemeter.
Interesserte må melde seg til turleiarane seinast dagen før – og først til mølla gjeld.
Spørsmål om turen – og for påmelding ta kontakt med:
• Ferdalos Jon Slyngstad tlf90696984/epost:jon.slyngstad@gmail.com
• Medturleiar Rolf Ness tlf 48112582/epost:rmness@online.no