Måndag denne veka var det klart for vårdugnad i hagen ved Valldal sjukeheim.
Vi hadde kjøpt inn blomster og jord, og dei 13 som møtte opp jobba som heltar. Det vart planta i krukker og bed, trapperista til paviljongen fekk new look, bærbuskene fekk det betre, og løvetann og skvallerkål forsvann som dugg for sol! Det vart gjort ein kjempejobb mot ugraset i det gamle bedet, av både gamle og unge! Ei spesiell takk til Lyuba frå Ukraina som jobba godt, ho vart også igjen etterpå og ville gjere plattingen ekstra fin!
Stor takk også til Linge Gartneri som spanderte to brett med stemorsblomster! Veldig kjekt å få.
Kjøkkenet spanderte vatn, kaffi og litt å bite i, så då vart det litt dugnadskos også!
Kjekt var det også at vi fekk ros frå Lisbeth, Inger Anne og Marit. Og eit par av bebuarane var også svært fornøgde.
Kjekt å ha dugnad i godt vêr og med blide, arbeidssame folk. Tusen takk til alle.