Ut frå kommentarar og vurderingar frå både by og land var det med ein viss skepsis eg møtte fram til bondelunsjen under Høgbakkjen på Hjelma.
Frykta låg i bakhovudet, er det ein «utdøyande folkesort» som dukkar opp ved eit slikt høve? Men takk og lov og heldig vis, her møtte ikkje mindre enn 21 oppegåande personar, som kvar kom med nista si i laupen, velplassert i handa, medan dei forsiktig skjøgla mot godteriet og kaffikannene på bordet. Det einaste ein her kan kommentere, var at snittalderen var ein smule høg.
Rovdyrpolitikken
Samtalen kom fort inn på rovdyrproblematikken, siste tida er det filma ikkje mindre enn fem gauper i nærområdet, rådyra viser seg å flykte, og det ser ut som dei har gått rett på elva. Når det då er tomt for desse, kva vert det neste? Kattar og hundar og til våren er det hjortekalvane og sauene som står for tur.
Jerven er alt ein flittig gjest i området, den har tidlegare år hausta sin del av sauene, men den karen er nok truande til å gå på større vilt òg. Sjølvsagt er det ei fantastisk oppleving å få sjå desse flotte dyra i norsk natur. Men dei mettar ikkje mykje i våre magar. Tidlegare er her observert både bjørn og bjørnehi i området, og sjølv ulven har vist seg her. Med andre ord har vi ha hatt «besøk» av alle dei store rovdyra i dette området, og min svarte elghund ante uråd og snudde heldigvis då ho oppdaga at det vi trudde var ein schæfer og snudde på mindre enn 25 meter. Spora sa tydeleg nok kva dyr vi hadde hatt på besøk. Oppi alt dette forstår eg matprodusentane godt, når vi no er komne dit at det er rovdyra som skal styre matproduksjonen her i landet. Graset skal heller ikkje nyttast til mat, så eg lurer litt på kva enkelte trur dei skal leve av?
Mat vert nok ein del av dei nye våpena, som heilt sikkert kjem til å spele ei svært viktig rolle i ulike konfliktar. Vi ser alt tendensen! Happy Cola må vere eit godt alternativ!
Biogass
Vidare vart her lagt fram planar for eit flott stort biogassanlegg, men eg fekk litt hakeslepp då eg høyrde litt om dette. Gjødsla skal fraktast frå heile området, ja kanskje heilt frå Nordfjord for å kunne omgjerast til biorest og biogass, før det heile skal returnerast til den enkelte bruker for spreiing på markene. Gassen frå anlegget skal halde heile prosessen i gang, men kan visstnok verte ei erstatting for diesel. Alt dette er flotte planar, men kva så med all denne transporten, når vi heller ikkje skal eige ferjene våre? Spørsmålet mitt vert straks, må alt vere så stort og fraktast så langt? Når straumen er borte, går ikkje ferjene heller. Jada, det må det for at det skal svare seg, vere økonomisk berekraftig. Dette siste er alltid det fyrste og viktigaste motargumentet.
Minner berre om at mobiltelefonane, som var så store og tunge at det var berre så vidt ein klarte å forflytte dei utan å nytte hest. Må vi det i dag? Ein PC fylte eit heilt rom, kva er situasjonen i dag? Solceller, kan vi nyttiggjere oss meir av dei? Mine har null effekt nå dei er dekte av snjov, eller når Døvingsheia står i vegen. Men dei yter opp mot 50 prosent effekt utan sol om vinteren når det berre er snjov på bakken. Her er det berre å forske vidare!
Under denne trivelege stunda var der berre eitt lite minus, det var ikkje kaffimjølk å få. Fekk etter kvart tilbod om sjølvbetening, men takka nei, slike store «damer» vart for sterk kost!