Eidsdal og Norddal pensjonistlag var i september på tur til Brandal og Runde. Denne gongen fekk vi los med Turbussen Ålesund.
Dei henta oss på kaia i Eidsdal og losa oss utover via Spjelkavika, Sulsund, Hareid og fram til Brandal. Det har seg slik at her inne i fjordbygdene, er det mange som har drive med fangst på New Foundland. På ein tur i 1966 var det seks menn frå Eidsdal og Norddal om bord. Fangstmenn var Ola Hole, Kåre Storås, Norleif Aspehjell, Lars Petter Ytterdal, Jon Hjelle, Håkon Hjelle, Asbjørn Storås og Inge Lilleås. Elles var det også fleire som var på fangst: Jon Homlong, Halvor Peterson, Harald Storås, Peder P. Veiberg, Leidulf Tafjord, Magne Skuset, Torbjørn Rønneberg og Leif Indreeide, Jon Ytredal og Lars Magnar Ytredal.
Då det var Ishavsmuseet som var fyrste stopp, nytta vi tida utover, (på kjende vegar) til å få Norleif Aspehjell i tale. Han fortalde litt om tida om bord, reisene om bord, ymse hendingar, maten om bord osv. Kjekt å høyre korleis den tida var, tøffe tider, ingen kjære mor kom og hent meg. Dei hadde kun kontakt til påske, og då var det god påske, alt vel…
På Ishavsmuseet fekk vi fin mottaking. Ei måtte halde tunga rett i munnen for å få med seg alt guiden fortalde. Omvisninga var over tre etasjar. Ishavsmuseet Aarvak er eit spesialmuseum innan emnet polar, med hovudfokus på norsk selfangst og overvintringsfangst. Det var ei spennande historie om ishavets sanne heltar, og om ei næring som skulle få så mykje å seie for ein heil nasjon. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Mange reiste ut som 15-åringar med ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fekk ei våt grav. Det var så mykje å fordøye, det må opplevast om ein skal få med alt. Ta dykk ein tur til Ishavsmuseet, ein kan trygt vere der i fleire timar.
Etter omvisinga fekk vi servert ein fortreffeleg potetball, ymse kjøtsortar, bacon, kålrabi og poteter. Drikke sjølvsagt. Det var som mannen sa: eg fekk balletunge.
Vi kikka på ishavsskuta Aarvak som ligg i dokk ved sia av museet, samt elles rundt omkring der ute. No var det på tide å dette nasen mot Runde.
Vegen ut til Runde var kjende plassar for sjåføren vår. Han var ein flink forteljar gjennom bygder, plassar og over bruer. Hans make kom frå ein av plassane vi passerte, så han var godt kjent. Rundebrua er no fantastisk, spesielt for oss fjordingane.
Vi kom oss til Runde Miljøsenter. Det er ein forskingsstasjon, museum og besøkssenter. Forskingsstasjonen er drifta av Runde Forsking. Blant dei tilsette er det marinebiologar, oseanografar og andre forskarar. Det er mogleg for gjestande forskarar og leigetakarar til å nytte båt, sjøbod, labratorium og kontor. Her var det det også mykje info, så vi vart oppdelt i to grupper. Vi fekk sjå ein fascinerande film, samt mykje info. Der var ei imponerande utstilling av sjøfuglar som hekkar der. Artane som hekkar er om lag 100-150 fuglar, og dei mest vanlege er: havsule, lunde, toppskarv, lomvi, alke, krykkje, måke, havhest, storjo, gravand, tjeld og ærfugl. Dei mest populære er vel lundefuglane. Dei er å sjå i hekkesesongen april-august.
Elles fekk vi sjå og høyre om Rundeskatten. Så mykje info og historie, at ein må oppleve det. Lese om det på nett også. Dei som var med på tur fekk mykje fakta og historie på papir. Som avslutning fekk vi kaffe og kake, det smakte nydelig. Må vere sjølufta som gjer det.
Vi takka for oss og sette snuten heimover. Vi køyrde om Sykkylven slik at vi skulle få ein anna oppleving. Dette vart ein lang og innhaldsrik tur, kanskje betre å dele den opp i to turar. Det vart mykje info for mange, og ein lang tur . Men som sagt så var vi mette og tilfredse alle saman.
Tusen takk til alle som var med.og takk til dei som sponsa delar av turen; Sparebanken Møre og Gjensidige forsikring. Takk også til hyggjelege sjåførar, (to) for lengda på turen.
Ha ein fin haust alle saman!
Helsing,
Wenche Gagnat og Gro Hilde Eik