Eg ser at opposisjonen lurer på kva posisjonen vil. Kva dei tenkjer?
Gudskjelov fortel dei oss at dei tenkjer framover. Sikkert ikkje veldig dumt. Kva dei tenkjer meir, eller kva dei vil skal skje, seier dei litt mindre om. Men det er ei sann glede å sjå at no skal det, framover, vere ein prosess der alle skal kunne seie sitt.
Samstundes håper eg at dei også tar eit lite blikk i bakspegelen. Vi alle har vel noko å lære om fortida? Sjøl om vi ser framover?
No er saka om flytting av Loftet og avvikling av kjøkkenet på Stordalstunet avgjort. Det må vi leve med, og kanskje det til og med var ei god løysing. Vi får sjå.
At prosessen har vore ryddig og rett behandla slik vi vert fortalt, er eg meir usikker på. No har tydeligvis posisjonen blitt enige om kva dei tenkjer om den saken. At dei få dagar før siste kommunestyremøte fekk vite at tillitsvalde meinte dei blei sett til side, og deira meining om dementavdeling og kjøkkenet ikkje høyrt, kan sikkert forklares med selektiv hørsel. Det har vore formidla i meir enn tre månader. Nok om det!
Eg er godt planta på venstresida i det politiske landskapet der fellesskap, fagforeiningane og dei tilsette bør ha ei viktig stemme. Det er deira medlemmer som kvar dag kjenner på kva som ikkje fungerer, og ikkje minst, kva som fungerer. No trur eg ikkje at høgresida i Fjord kommune er veldig oppteken av fagforeningane, men det var dei som gav sin tilslutning til å spørre om noko gjekk galt i prosessen. Varaordfører hadde eit veldig godt innlegg, som eg stiller meg bak. Han blei litt aleine. Dei rota det til, og forslaget vart trekt.
Dei demente er dei svakaste blant oss. Deira stemme høyrest mindre og mindre for kvart år, stemmen deira forsvinn sakte og brutalt. Tenk om ein skule, eller nokre skuleklasser, skulle leggjast ned, eller bli flytta, uten ei god forankring, da hadde det blitt eit ramaskrik, med rette!
I fare for å gjenta meg sjølv, viktige vedtak må forankrast. Aller mest dei vedtak som innbefatter dei vi skal ta vare på. Frå fødsel til død. Politikerne MÅ setje seg inn i korleis vi gir omsorg til våre gamle, til barna i barnehagen og skulen, til ungdommen i ungdomsskulen. Sjå og høyre på dei som arbeider der. Dei som hjelper dei som treng omsorg og pleie, kvar dag, 24/7. Jul, påske og alle andre dagar. Politikarane må høyre på fleire enn dei som sit som saksbehandlarar på rådhusa. Spør kor ofte dei med eigne auge ser pasienten? Kor ofte ser dei elevane? Kommunalsjefane er sikkert flinke på teori og økonomi, men assistentar, helsefagarbeidarar, lærarar, førskulelærarar, sjukepleiarar og legane er dei som kvar dag kjenner på kroppen utfordringane. Først då trur eg at kommunedirektøren får gode råd. Då vert det også enklare for politikarane å ta sine val.
Med alle gode ønskje til alle tilsette, kommunedirektøren og hans stab og til politikarane i Fjord. Ein ekstra tommel opp til dei nye leiarane i kommunedirektøren sin stab! Det er ei krevjande oppgåve der alle må bidra, om det skal lykkes!