«Det er greitt med verdsarvstatus, men vi kan ikkje leve av han». Vi har høyrt desse orda mange gongar dei siste 20 åra. Det er dels sant, men berre dels. Vi kan ikkje leve av verdsarv åleine. Men vi kan heller ikkje leve av landbruk åleine, ikkje av reiseliv, ikkje av helsetenester, ikkje av bygg, anlegg og handverk åleine. Det skal vi vere glade for. Det er variasjon, allsidigheit og breidda av moglegheiter som skaper spennande lokalsamfunn. Lokalsamfunn der det kan vere attraktivt å slå seg ned. Vi meiner verdsarven definitivt bidreg til å gjere bygdene våre attraktive.
Verdsarven gir arbeidsplassar
Kanskje somme synest det er respektlaust å setje verdsarven saman med alle desse veletablerte næringane i bygdene våre. Kanskje det. Men heilt sidan Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv vart etablert i 2009, har ei målsetjing stått svært sterkt i vår organisasjon: verdsarven skal bidra til å skape arbeidsplassar og lokal verdiskaping. I skrivande stund er vi ni personar med heilårlege stillingar, dei fleste i 100 prosent. Av desse er fem busette i og skattar til Fjord kommune, tre til Stranda kommune og ein til Ålesund kommune.
Sist sommar var heile tjue personar tilsette i verdsarvstiftinga (inkl. sesongarbeidsplassar): personell på besøkssenteret (Norsk fjordsenter), vertskap i Fosseråsa og parkeringsvertskap, råsryddarar, fjordrangarar, og sørvispersonell for uteareala. I tillegg har vi dei siste åra hatt studentar frå utlandet i praksis som «internship». Er ikkje dette gode bidrag til lokal verdiskaping?
Verdien av verdsarven
Føremålet til verdsarvstiftinga spenner over eit vidt område. Den viktigaste funksjonen er å ta vare på verdsarvverdiane, og vi vil fokusere på verdiane, ikkje på verdsarvstatusen. Verdiane dreiar seg om naturarven og kulturarven vår: Eit vilt naturlandskap med ein umåteleg stor variasjon i landskapsformer, eineståande og vakkert. Eit kulturlandskap som ber med seg historia vår, og historia til forfedrane og -mødrene våre. Vi trur svært mange av oss bryr seg om denne arven. Dei fleste bryr seg truleg meir om natur- og kulturarven enn om verdsarvstatusen. Men verdsarvstatusen kviler på nett desse verdiane.
Så skal vi hugse at initiativet for å søke verdsarvstatus kom frå lokalsamfunna. Så skal vi merke oss at vi har ein av dei søknadane som har kome gjennom nålauget. Vi er det einaste UNESCO verdsarvområdet med grunnlag i natur i Norge! I naturlandet Noreg! Av dei om lag 200 fjordane på Vestlandet, er områda kring Nærøyfjorden og Geirangerfjorden dei minst rørte av større tekniske og menneskelege inngrep. Dette er verdiar vi må verne om. Verdsarvstatusen set eit kvalitetsstempel på området vårt. Vi burde vere stolte. Er vi det? Statusen bør definitivt gjere oss meir medvitne på kva val vi tek. For mange er det lett å peike på ulempene knytt til vernet, men i mange høve må vi òg erkjenne at ulempene fort vert overdramatiserte. Kor mange ser tydeleg dei fordelane og moglegheitene vi har fått og kan få gjennom verdsarvstatusen?
Fordelar
Kulturlandskapssaka var den fyrste store, politiske kampsaka knytt til verdsarven. Frå 2008 fekk bøndene knytt til verdsarvområdet tildelt arealtilskot, og beitetilskot pr. dyr som beita inne i verdsarvområdet. Fleire fekk òg investeringstilskot. Midlane dryp òg på andre som skjøttar viktige delar av kulturlandskapet.
Landbruksnæringa er viktig for bygdene våre, for distriktet og landet, for matforsyning, kulturlandskap, trivsel og reiseliv. Vi unner bøndene kvar ein krone. Dei siste åra har 4-5 millionar kroner vore betalte ut i Geirangerområdet. Årleg. På grunn av verdsarven. Verdiskaping, ikkje sant?
Fylkeskommunen har òg eigne midlar som er reserverte for verdsarvområdet. Overordna mål er å oppfylle Noreg sine forpliktingar etter Verdsarvkonvensjonen. I praksis kan midlane nyttast til restaurering av bygningar, gamle ferdselsvegar eller andre kulturminne, formidling og kompetanseheving, forsking, prosjekt som styrkar engasjement og eigarskap, berekraftig reiseliv og næringsaktivitet som styrkar verdsarvverdiane. Her er rett og slett mange moglegheiter, men ivaretaking av verdsarven må ligge i botnen. Dei siste åra har det vore fordelt mellom 2,5-4,2 millionar kroner årleg til Geirangerfjordområdet. Det er pengar berre verdsarvområdet har tilgang på!
I tillegg kunne vi nemnt ei rekkje andre prosjektmidlar vi har fått tilgang på. Grunna verdsarven. Hallo, folkens – det gir oss eit fortrinn!
Å spele kvarandre gode
For oss er det eit medvite val å samarbeide lokalt. Vi ønskjer å bidra. Difor har vi òg drege i gang og finansiert miljøfyrtårnsertifisering som mange har nytt godt av. Der vi kan, brukar vi lokale entreprenørar og medspelarar: Bygdesørvis i både Eidsdal og Valldal, lokale serveringsbedrifter, overnattingsstadar, kompetanse knytt til forsking, maskinentreprenørar, og handverkarar innafor fleire fag. Kan vi kviskre litt om verdiskaping her òg?
Verdsarvstiftinga sjølv søker årleg midlar til ei rekkje tiltak, og i stor grad kjem dette bygdene til gode på ulike måtar. Det er brukt fleire hundretusen på skilting, merking og informasjonstavler knytt til turråser; infrastruktur som både lokalbefolkning og reiselivet nyt godt av. Vi har bidrege med finansiering til arbeidet med lakseelvane, til utvikling av Herdalssætra, til «grønt landbruk», til sentrumsplanar og nyskapingar som lyskunstfestivalen og Festspela i Geiranger. Nysatsing Fjord co-work er råspennande og kan på sikt gje oss fleire nye innbyggjarar. Fosseråsa er autorisert som nasjonal turiststi, og berre der har vi årleg henta minst ein million kroner sidan 2019. Vi har medverka til spennande undervisingsopplegg for alle grunnskulane våre, men særleg til ei satsing på Verdsarvskulen i Eidsdal og Geiranger. Kvifor?
Moglegheitslandet
– Fordi vi veit at levande og attraktive lokalsamfunn er nøkkelen til å ta godt vare på verdsarven. Men òg fordi vi trur at verdsarven kan bidra til å skape slike spennande lokalsamfunn.
Vi sit på unike moglegheiter, men spørsmålet er om her er vilje til å utnytte dei? No ser vi at Røros legg verdsarven som «ein raud tråd» gjennom heile samfunnsplanen sin. Vega i Nordland tenkjer i same baner. Dei vel å utnytte moglegheitene dei får gjennom verdsarvstatusen. Det betyr at ein òg må erkjenne ansvaret ein har for å ta vare på. Mange ungdommar er uroa for framtida si. Vi står i ei klimakrise og ei naturkrise. Trendane viser at mange søker attende det ekte og genuine. Bygdene har kvalitetar mange leitar etter. Kvifor prøver vi ikkje i større grad å utnytte posisjonen vi har til å ta ein posisjon? – Til å gå føre, vise veg? Ikkje berre vere bygdene som diltar etter (langt etter) den utviklinga vi no ser mange byar siktar inn på?
Alternativet kan sjølvsagt vere å knipe augene hardt att og satse på at «nokon» reddar oss.
Katrin Blomvik Bakken,
direktør Verdsarvstiftinga
Merete Løvoll Rønneberg,
formidlingsleiar