Verdsarvgudsteneste i Guds frie natur har blitt ein lang og god tradisjon, og i år skal den vere på vakre Kleivahammaren i Eidsdal 2. pinsedag, måndag 20. mai.
Frå Kleivahammaren har ein ein fantastisk utsikt over dalen, fjella og fjorden og det er eit lett tilgjengeleg mål med berre om lag 25 minutt gange på god rås.
Møteplass med tradisjonar
Kleivahammaren har lange tradisjonar som møteplass i tidlegare tider, og var ein stad for både jonsokfeiring og pakkefestar før i tida. Sidan plassen er lett tilgjengeleg frå både nede i bygda og framme i dalen fall det heilt sikkert naturleg. Når du kjem til Kleivahammaren kan du lese oppslag som fortel om tradisjonane knytt til plassen.
Natursti, musikk, gudsteneste og mini-foredrag
Ein viktig del av konseptet verdsarvgudsteneste er mini-foredraget rett i etterkant av gudstenesta. Det har vore mange interessante innlegg, og i år er det Helga Synnevåg Løvoll som skal stå for foredraget. Helga er professor i friluftsliv ved Høgskulen i Volda, og er mellom anna oppteken av samspelet mellom natur og menneske og korleis aktivitetar i friluft påverkar oss og gir oss nye perspektiv på livet.
Som alltid er det Eidsdal musikkorps som står for musikken, og i tillegg til å spele under gudstenesta vil dei også gje ein liten konsert i forkant.
Verdsarvstiftinga, som er samarbeidspart i arrangementet lagar til natursti, og i år vil det skje i forkant av gudstenesta slik at ein kan svare på spørsmåla på veg frå Kleiva til Kleivahammaren. Kanskje vankar det også ein liten premie til den som har flest rette.
Tilkomst
Den lettaste vegen å kome til Kleivahammaren er å køyre til Kleiva heilt øvst i Eidsdal, om lag 13 kilometer frå fergekaia. Ein må ta av vegen ved Eidsvatnet, denne er skilta. Frå Kleiva går ein gjennom tunet og på ein god sti utover mot Kleivahammaren. Her går ein gjennom vakker og variert natur. Det er også mogeleg å følgje den gamle vegen «Kleivane».
Eit tredje alternativ er å gå «Kleivane» frå Veiberg og opp. Alle desse turane er skildra på morotur.no, men vi gjer merksam på at den som vil delta i naturstien må følgje den første ruta.
Gjestar frå heile regionen
Verdsarvgudstenesta har brukt å vere godt besøk, og med gjestar frå heile regionen. Arrangørane håpar på godt frammøte i år også, og ynskjer velkomen til ei hyggeleg samling på ein vakker stad.