Dette var reaksjonen eg fekk frå nokre ungdommar som hadde fått spørjeundersøkinga sendt ut av Fjord kommune i førre veke. Denne spørjeundersøkinga er òg årsaka til at eg synest «nok er nok», og no vel å kommentere på ein del av det som er sagt og skrive i saka om landbasert oppdrett i Raudbergvika.
Innleiingsvis: Eg trur vi alle ser viktigheita av å skape nye arbeidsplassar i Fjord kommune, og eg har framleis stor sansen for prosjektet til Hofseth. Men det er eit gigantprosjekt, og då er det viktig med solide og fagleg gode utgreiingar. Eg har heller ikkje den haldninga at «dette må vi få til for ein kvar pris». For meg er det òg svært viktig å ta vare på naturverdiane. Dèt er eit standpunkt eg har uavhengig av at eg arbeider i Verdsarvstiftinga.
Spørjeundersøkinga
Eg las med stigande vantru og skuffelse spørsmåla i den nemnde undersøkinga, og eg opplevde den som manipulerande, med mange leiande spørsmål. Verdsarven og utbygginga i Raudbergvika vert tydeleg sett opp mot kvarandre. Her vel kommunen ein framgangsmåte som minner om «splitt og hersk». Uverdig. I bygdene våre har vi folk som arbeider for Hofseth og vi har folk som har arbeid knytt til verdsarven. I desse små samfunna er vi avhengige av at vi kan samarbeide og ha respekt for kvarandre, uavhengig av meiningar og politisk ståstad. Då treng vi ikkje ein kommune som fyrer opp til strid! – Ville de også sendt ut spørsmål om: «Kva er viktigast, skule i Eidsdal eller støtte til frivillig arbeid i Valldal og Stordal?»
Makt og avmakt
Tidlegare i vår hadde Else Ragni Yttredal eit innlegg i Storfjordnytt med kritiske spørsmål knytt til miljøsida av satsinga i Raudbergvika. Ho fekk eit motsvar underteikna av nesten alle dei politiske partia i Fjord kommune. Kva signaliserer ein då som lokalpolitikar? Eg fekk i alle fall ikkje lyst til å engasjere meg. Så morosamt er det ikkje å stikke hovudet fram og få det kollektivt kappa av, av makta som rår.
Debatt er viktig. Ulike verdival, ulik vekting av informasjon og ulike meiningar bidreg til at saker vert belyste frå mange sider. Det bør vere ei styrke når politiske saker skal avgjerast, særleg store saker.
Balansert saksframstilling?
Det har etter kvart vore avvikla mange bygdemøte i denne saka i Eidsdal. På eit par av dei fyrste foreslo eg at vi som innbyggjarar også fekk høyre direkte innspel frå miljøforvaltinga/fagmiljø. Då ville det vere lettare å forstå ein del av uttalane og motsegnene som har kome, og vonleg ville det vere lettare å forstå kompleksiteten i saka. Det er lett å seie at alle saksdokument er tilgjengelege og opne for alle som vil ha innsyn. Realiteten er at dokumenta er så omfattande i mengde, og dels fulle av faguttrykk, at det er fullstendig urealistisk at den jamne innbyggjar skal lese gjennom alt.
På alle bygdemøte eg har delteke på, er det berre utbyggjar som har fått høve til å presentere si sak. Vert det då balansert?
Fjord kommune gjentek igjen og igjen at fagmiljøa konkluderer med at tiltaket truleg vil ha liten skade på miljøet i fjorden. Er dette balansert framstilt?
Mykje usikkert kring miljøpåverknad
Eg har ikkje lese alle utgreiingane i saka. Men eg har lese nok til å stille spørsmålsteikn ved kommunen sin konklusjon. Slik eg oppfattar konsekvensutgreiingane frå COWI, Rådgivende Biologer AS og Nordplan, erkjenner dei at «grunnlaget for vurderingane er usikkert og mangelfullt» (sitat Nordplan). Samstundes vurderer t.d. COWI tiltaket til å ha betydeleg miljøskade når det gjeld marint naturmangfald og at det er «fare for å endre vasskvalitet og vasstilstand negativt. Tiltaket kan føre til betydeleg miljøskade på vassmiljø og vasstilstanden i fjorden».
Havforskingsinstituttet er dei siste(?) som har meldt seg på: «Endringer i tilførte næringsstoffer, som planlagt her, kan få store konsekvenser for miljøet og økosystemet i fjorden. I dette tilfelle er det planlagt store utslipp relativt langt inne i et smalt fjordsystem».
La meg understreke: Eg har ingen ambisjonar om ei balansert framstilling i eit lesarinnlegg, og i denne saka er det verken plass eller tid. Eg stiller spørsmål, og eg ønskjer at det skal vere takhøgde for å drøfte og meine, også i denne saka. Eller er vi livredde for å skremme Hofseth ifrå oss?
Verdsarven og vi
På bygdemøtet i Eidsdal førre veke gjentok Svein Flølo, Hofseth Aqua, fleire gongar: «Verdsarven er viktig». Eg er meir i tvil om haldninga til Fjord kommune.
Ansvaret for å ta vare på verdsarven er ikkje berre ein fest. Det er òg eit tungt ansvar. Men verdsarven medført òg brei verdiskaping. Eg har funne lite om dette i saksutgreiingane. Kva er konsekvensen dersom vi mister verdsarvstatusen? For lokalsamfunna og alle kommunane som høyrer heime i Vestnorsk fjordlandskap? For regionen, og for Noreg som nasjon? Dette burde kanskje også vere ein del av ei sak der kommunen set det eine opp mot det andre.
Privatpersonen
Merete Løvoll Rønneberg