Nei, eg trur ikkje eg får oppleve det i mi tid. Eg har vore tilsett i Vinmonopolet i nokre år, og har hatt eit håp om å få ei og anna vakt ved Vinmonopolet si avdeling i Fjord kommune, men den har dessverre så langt ikkje kome. Og om den nokon gong kjem vert det nok heilt sikkert ikkje i vakre Tafjord, så pensjonisten har nok pakka vekk blåskjorta for godt.
Spørsmålet er heller om det har vore Vinmonopol i Tafjord tidligere? Fruen og eg var så heldige at vi fekk kjøpe oss eit hus i denne flotte bygda, dette tok vi over for ti år sidan. Så i ti år har eg vandra gjennom Fundergata med ein hund i band. Meir enn ein hund faktisk. Og historia om korleis gata fekk namnet har vore kjend heile denne tida. Så ein dag, etter ti år, fekk eg brått sjå noko som eg ikkje har lagt merke til før, i alle fall ikkje tenkt over. Som tilsett har eg hatt ei viss interesse og peiling på historia til Vinmonopolet. Det var 100-årsmarkering i 2022, og alle tilsette fekk mellom anna kvar si bok om denne historia. Eg er også ein samler, og har eit og anna materiell som er laga oppigjennom.
Det eg denne sommerdagen i 2024 brått la merke til i Fundergata var det som heilt klart i mine auge såg ut som ein tidleg logo fra Vinmonopolet! På vedlagte bilete ser ein denne gamle logoen på ei kasse eg har, og det som ser ut som det er det same på veggen i Fundergata der det også står utsalg. Og det må no stemme med historia, for etter at Vinmonopolet vart oppretta i 1922 var det som namnet seier statleg einerett på import og salg av sterke saker i Noreg. Det må med andre ord ha vore gjort ein avtale med dette monopolet for å kunne drive med slikt i Tafjord. Derfor er det nærliggende for meg å kome med ein påstand som eg likevel legg fram som eit spørsmål; kan vi faktisk seie at det har vore Vinmonopolutsalg i Tafjord ein gong i tida??