Verdigrunnlaget i dagens verjemålslov er tett knytt opp mot menneskerettar, særleg dei som gjeld sjølvråderett og integritet.
Om du er over 18 år og ikkje kan ta hand om eigne interesser, kan du få hjelp av ei verje. Eit verjemål, er i dag eit frivillig støttetiltak. Årsakene til at du treng verjemål kan vere mange og ulike, for eksempel skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting.
Fram til 2013 gjaldt gamle lovar og reglar; verjemålslova frå 1927 og umyndiggjeringslova frå 1898. Dei gamle reglane, særleg om umyndiggjering, var svært inngripande for den einskilde. I ny verjemålslov er omgrepet umyndiggjord borte, sjølv om det framleis heng igjen i tanken hos mange.
Norge har slutta seg til ei rekke overeinskomstar med reglar som skal ta i vare, menneskerettar, sjølvråderett og integritet for ulike grupper menneske. Eit eksempel er FN si overeinskomst om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne, CRPD. Verjemålslova ber preg av slike rettar.
Kva er eit verjemål?
Det er ulike oppfatningar om kva et verjemål inneber. Mange trur at du mister moglegheita til å bestemme over eige liv når du får oppnemnd verje. Slik er det ikkje. Ei verje skal mellom anna gi deg støtte til avgjerder i spørsmål der du treng bistand.
Du beheld kontrollen over både pengane og rettane dine så langt som mogeleg. Verja kan heller ikkje handle i strid med ønska dine, og det skal alltid bli lagt avgjerande vekt på kva du meiner før avgjerder vert tatt.
Verja kan til dømes hjelpe deg med å betale rekningar eller til å ta i vare rettane dine overfor offentlege instansar. Praktisk hjelp, omsorg og pleie fell utanfor ansvarsområde til verja.
Eit frivillig støttetiltak
Frivilligheit står sentralt i verjemålsordninga. Det som før var overformynderi, er blitt ei ordning med meir sjølvråderett. Ei føresetnad for å opprette verjemål er at du gjev ditt samtykke. Når Statsforvaltaren mottek søknad om verjemål, tek vi ein samtale med deg. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å få gitt sitt samtykke, og andre gonger er det ikkje mogeleg å få til samtale. I dei tilfella vert di vilje og ønske vurdert ut frå kva du tidlegare har sagt og gjort.
Når verjemålet er oppretta, er alle vidare avgjerder avhengig av kva du ønsker, eller ville ha ønskt. Eit eksempel er ved sal av bustad: Dine nære pårørande meiner at bustaden din bør seljast fordi du har flytta til et omsorgssenter. Sjølv om du ikkje bur i huset lenger, vil det fortsett vere utgifter som må bli betalt og huset vil kunne forfalle om det ikkje vert heldt ved like. Om du ikkje ønsker å selje bustaden, kan verken verje eller statsforvaltar samtykke til sal.
Dine ønske avgjer
Det avgjerande for vurderinga verja og Statsforvaltaren tar, vil alltid vere kva du vil og ønskjer.
Å ha verje betyr ikkje at du ikkje lenger kan gjennomføre handlingar eller inngå avtalar på eiga hand. Sjølv om det er oppretta eit verjemål, er du ikkje fråtatt rettsleg handleevne. Du kan framleis inngå dei avtalane du ønsker. Du kan også, når som helst, avslutte verjemålet.
Om du ønsker meir informasjon om verjemål finn du det på www.vergemal.no. Her vil du også finne informasjon om alternativ til verjemål, som legalfullmakt og framtidsfullmakt.