Inst i Storfjorden på Sunnmøre er landskapet vilt og vakkert. Fjell stig stupbratte frå fjord og dalbotnar til opp i 1700 – 1800 moh. I desse fjellsidene er det mykje frodige areal med høg planteproduksjon som i generasjonar har vore hausta både ved slått og beite. No er det utmarksbeiting som foregår, men store ressursar ligg uhausta på grunn av låg lønsemd i beitenæring og høge rovdyrtap.
I 2023 utførte NIBIO beitekartlegging i seks beiteområde i bygdene Norddal og Geiranger. Det var Herdalen, Dyrdalen og Kallskaret i Norddal, og Gråsteindalen, Vesteråsdalen og Grinddalen i Geiranger. Ut frå berggrunnen skulle det vore svært dårleg utmarksbeite i desse områda da det er næringsfattig gneis som dominerer. Men landskapet er likevel ikkje fattig. Årsaka til dette er at fjellsidene i stor grad er dekt av skredmarker. Dette er materiale som har kome ned etter kvart som fjellet ovafor har forvitra.
Desse skredmarkene er svært produktive fordi det her går ein straum med friskt, oksygenrikt sigevatn høgt i jordsmonnet som plantene når ned i. Vatnet forsvinn ikkje beint ned som i flatare terreng. Viktig er òg at desse areala kvar ettervinter og vår blir overgjødsla av vitringsmateriale frå berg høgare oppe som snøskred tek med seg og set av nedover i dalsidene. Det er det same som skjer her som det står om i det gamle testamentet der Nilen kvart år overgjødsla markene i Gosen eller Nildeltaet med grøderikt slam som gav eit rikt og fruktbart land.
Karakteristisk for plantedekket i skredmarkene er eit frodig sjikt av høge bregner, urter og gras. Som vegetasjonstype kallar vi dette storbregneeng der bregna fjellburkne er vanlegast, men dominans av vierartar er det òg mange stader. Eit høgt tal av urter kan òg forekoma som raud jonsokblom, skogstorkenebb, firkantperikum, engsyre, enghumleblom, turt, tyrihjelm, mjødurt, kvitbladtistel, kvann og mange fleire. I tidlegare tider vart mykje av desse rike bregneliene hausta sjølv om bregner ikkje vart rekna for så veldig godt fôr. Bregner blir kalla blom på Vestlandet. I boka «Planter og tradisjon» av Ove Arbo Høeg er det skrive frå Voss: «Det gamle var at dei slo, eller skar helst, blom om våren eller fyresumaren fyrr slåtten tok til, bar i hop til ei eller onnor hes der ho nærast var. Det var eit baste arbeid».
Langvarig utmarksslått og beitepåverknad har ført til at bregner, høge urter og vier er trengt tilbake til fordel for grasartar i mykje av desse skredmarkene. Der det har vore hausta jamt vil vegetasjonen vera grasrik og engliknande. Årsaka til høgt grasinnhald i beitepåverka vegetasjon skuldast at beiting påverkar konkurranseforholdet mellom plantene. Artar som toler å bli beita ned fleire gonger i veksesesongen kjem best ut. Dette gjeld i hovudsak gras som har veksepunktet så lågt at dette ikkje blir skadd ved beiting. Bregner og høge urter tapar i konkurransen, først og fremst av di dei ikkje toler trakk som følgjer med beitinga.
Høge fjell og snørike vintrar gjer òg at ein anna viktig vegetasjonstype for beitedyr forekjem rikeleg i desse fjella. Det er snøleievegetasjon. Der snøen blir liggande slik at det ikkje smeltar ut før i månadsskiftet juni/juli blir veksesesongen så kort at berre nokre småvaksne urter og gras- og storrartar kan leva. Dette gjev beitedyr tilgang til næringsrik nygroe på ei tid da anna vegetasjon fell i kvalitet. Dyra kan da ha god tilvekst utover både seinsommar og haust. Snøleia i desse indre fjordstroka viste seg å vera uvanleg grasrike og gode beite, betre enn det oftast er på Vestlandet der det dårlege beitegraset finnskjegg ofte dominerer. Tidleg nedsanking av beitedyr i desse fjella gjer difor at dyra mistar ein viktig del av beitesesongen.
Samla gjer dei frodige skredmarkene og den rike snøleievegetasjonen at utmarksbeitet i dei indre fjordstroka på Sunnmøre er av beste slag i norsk utmark, særleg for sau og geit som best klatrar i brattlendet. Men lette storferasar vil òg kunne bruk slike beite. Berekning av beiteressursen i dei kartlagte områda viser at utnyttinga no er svært låg i høve til tilgjengeleg ressurs. I til dømes Gråsteindalen, som på trass av namnet er eit beite av høgaste kvalitet, har det ikkje vore beitedyr siste åra.
Det gamle haustingslandskapet er ikkje stabilt. Dersom beiting, hogst og anna hausting avtek vil vegetasjonen gå tilbake til naturtilstanden. Skogen kjem tett og bregner og høge urter kjem inn og skuggar ut graset. Landskapet vil med det endre eigenskapar både med omsyn til beitekvalitet, biologisk mangfald og opplevingspotensiale. Store endringar har allereie skjedd i dei kartlagte områda, og denne utviklinga held fram. Det grasrike landskapet som er arven etter tidlegare tiders utmarkshausting forvitrar. Det gjeld òg det beiteskapte biologiske mangfaldet som blir borte saman med kulturlandskapet som er råvara til ei anna viktig bygdenæring – reiselivet. Viktig er òg at kunnskapen om bruken av desse beita fell bort – kunnskap som er viktig dersom vi vil ha eit berekraftig landbruk basert på lokale ressursar.