Laurdag 28. september vert Geiranger sentrum fylt med kreativitet, musikk og glede når Barnas Festspel går av stabelen under Festspela i Geiranger 2024. Med malekurs, dans, spikking og bygging, teater, kajakk og hoppeslott byr Barnas Festspel på ei rekke aktivitetar som sikrar gode opplevingar for både born, unge og heile familien.
Barnas Festspel vil finne stad i gågata og sentrumsområdet, med eit program som både inspirerer og engasjerer. Eit innslag er eit spennande malekurs for born og unge, der dei får høve til å utfalde seg kreativt med pensel og fargar under rettleiing frå profesjonell instruktør. Kurset er ope for alle, uavhengig av forkunnskapar, og barna får ta med seg heim sitt eige kunstverk.
I tillegg blir det eit spektakulært såpebobleshow, der store bobler fyller gatene og skapar ei magisk stemning. Dette showet vil utan tvil fascinere både dei minste og dei vaksne.
Som høgdepunkt på dagen vert det klokka 14:00 ein livleg jazzparade gjennom gatene, leia av det energiske New Orleans-bandet Gumbo, saman med deltakarane frå gehørspelseminaret. Publikum kan glede seg til å høyre unge musikarar spele saman med Gumbo i ein sprudlande musikalsk parade gjennom Geiranger sentrum.
– Barnas Festspel er ein viktig del av Festspela i Geiranger, seier festivalleiinga.
– Vi ønskjer å gje born og unge eit tilbod som både er lærerikt og morosamt, samtidig som det skapar minne for heile familien.
I tillegg til aktivitetane under Barnas Festspel vil sentrum vere fylt med matboder som tilbyr smakfull lokalmat og drikke, og lokal kunst og handverk.
Andre høgdepunkt under Festspela i Geiranger 2024:
• Opningskonsert – Vivaldi frå Valdres: Fredag 27. september opnar Festspela med Ragnhild Hemsing sitt nyaste prosjekt der ho kombinerer Vivaldis ”Fire årstider” med norsk folkemusikk, framført på hardingfele. Konserten finn stad i den historiske Geiranger kyrkje.
• Festkonsert med Mari Boine: Laurdag 28.september fyller vi Geirangersalen på Hotel Union.
• Fjellgardkonsert på Knivsflå: Søndag 29. september kan ein oppleve Ragnhild Hemsing saman med ein dansar på fjellgarden Knivsflå, med spektakulær utsikt over Geirangerfjorden.
Denne konserten er utseld, men har framleis plass til presse dersom journalistar ynskjer å vere til stades.
• «Bach i høgda»: Fjellkonsert på Dalsnibba 1500 m.o.h. med dei renommerte engelske musikarane Huw Daniel og Jadran Duncumb.
• Jazzpub og operapub: Både fredag og laurdag blir det god musikk i uformelle omgjevnader når vi inviterer til henholdsvis jazzpub og operapub.
Velkomen til ein dag fylt med kunst, musikk og uforgløymelege augneblink i Geiranger sentrum!