Laurdag 17. august inviterer Kyrkjehola kulturbeite til solo-konsert med Bjørn Tomren i den fantastiske Rosekyrkja i Stordal. Det ligg an til eit nært, intenst, humoristisk, variert, musikalsk og eineståande møte med ein allsidig artist.
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Norge som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med eit heilt spesielt utrykk og ei eineståande formidling rakk han på kort tid å bli folkeeige, og vart omtala som «den kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene».
Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjord er også kjend frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen «Polkabjørn & Kleine Heine», som blant anna har varma opp for a-ha, og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv; «Kunsten å jodle».
Som ein av Norges mest allsidige musikarar, spenner Tomren si musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar, til jazz, viser, jodling, strupesang, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk. Det spesielle ved Bjørn Tomren er også at han appellerer til alle aldersgrupper.
Han har også gjennomført fleire ekspedisjonar, og har faktisk verdsrekorden i flest kryssingar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan også sjå tilbake på ein kort karriere som klovn. Han er elles kjent som ein storlygar, og krydrar gjerne konsertane med utrulege anekdotar.
Det bør med andre ord bli ein minnerik kveld i Rosekyrkja 17.august.