Ingrid Olava og bandet hennar spelte på Iverkaia i Norddal laurdag kveld, det var eit format og ein setting som kledde henne og musikarane hennar godt.
Lars Foss frå Stiftinga Notanaustet opna «ballet» med å fortelje litt om korleis stiftinga vart til – og kva dei held på med. Han syntest ordninga med at verdsarvstiftinga tek kostnadane med konserten og at Stiftinga Notanaustet får inntektene, ei strålande ordning.
Gunnar Inge Eide var den som ønskte velkomen til denne aller første bevaringskonserten. Han fortalte at det er Smart Fjord Kultur som i lag med verdsarvstiftinga og Sparebanken Møre har dratt i gang dette konseptet. Han var glad for at ein kan bidra til at Stiftinga Notanaustet kan halde fram med det viktige arbeidet dei gjer.
Sommarens vakraste
Så kom Ingrid Olava og musikarane hennar på «scena» – og under den første låta titta også sola såvidt gjennom skydekket. At dette var omgjevnader musikarane sette pris på, var heilt tydeleg. Ingrid Olava sa at dei på lydprøvene ikkje greidde å la vere å smile, for det er så fint her.
– Dette er sommarens vakraste backdrop (kulisse), slo ho fast og la til at ho synest det er fint å kunne bidra inn i feiringa av bevaring av kystkulturen.
Ein variert bukett med musikk
Det er to tiår sidan musikk vart noko meir enn ein hobby for Ingrid Olava – og denne kvelden fekk vi høyre eit variert knippe låtar frå heile karrieren hennar; frå noko av det aller første ho skreiv til materiale frå den heilt ferske plata hennar. I tillegg til sjølvsagt Jokke-coveren «Her kommer vinteren». For ho fortalde at ho likar å plukke låtar frå andre artister, låtar ho meiner ho kan tilføre noko meir… Jokke-låta kom til nokså «fort og gæli» i samband med ein påskespesial på P3 for ein del år sidan, ho trudde det ville vere noko fulle folk i slalåmstøvlar på afterski ville setje pris på…
– Sjølv hadde eg aldri vore på afterski, fortalde ho.
Knallgod liveartist
Ingrid Olava er ein artist av den typen som eg har sansen for; ho skriv eigne songar med gode tekstar, ho er god på eit instrument (piano), ho kan synge – og det ser ut til at ho har beina godt planta på jorda. Og ikkje minst: ho funkar særs godt live! Det er det ikkje alle som gjer. Det ser også ut til at ho trivst i litt uvanlege settingar – og ho kledde godt Iverkaia med sjøen, ferjene og fjella i bakgrunnen.
– Går det bra med dykk der i regnet, spurde ho og kika ut over publikum då det byrja å drype litt frå «oven».
– De kjem førebudde, de er så proffe, var reaksjonen då publikum svara at dei så absolutt hadde det fint. Og det regna då ikkje så mykje, det var faktisk mykje betre vêr enn ein kunne frykte ut frå vêrmeldinga.
Fin kveld
Dyktige artistar har det med å ha med seg dyktige musikarar. Dei to ho hadde med seg til Iverkaia og Norddal denne kvelden var Jo Berger Myhre på bass og Erland Dahlen på trommer. Sistnemnde mista ein del av utstyret sitt på flyturen til Vigra, så Gunnar Inge Eide som henta dei på flyplassen, sørga for fleire pit stop undervegs, cymbalar måtte lånast og trommestikker måtte kjøpast.
– Ein blid og triveleg, serviceinnstilt og løysingsorientert kar han der, slo Dahlen fast.
På veg inn på Norddalstunet etter konserten, kunne dei tre musikarane slå fast at dei syntest det hadde vore ein fin kveld i fine omgjevnader og med eit veldig fint publikum.
Det er berre å kvittere med å takke for ein strålande fin konsert!