Om lag inst i Storfjorden, nærare bestemt i Fjørå, bur ein kantor med ei spesiell historie. Somrane går med til å spele orgel i konfirmasjonar og gudstenester. Når hausten kjem, drar han på turné i utlandet – for å spele lydspora i alt frå videospel som Skyrim til animer som Attack on Titan. Seinare i år skal Ålesund få ein smakebit – då med musikken frå filmane til Studio Ghibli.
Inne i Sylte kyrkje er franskmannen Romain Vaudé (30) godt vand. Til dagleg jobbar han nemleg som kantor med nedslagsfelt i Liabygda, Stordal og Stranda.
Spel- og filmmusikk
Det mange kanskje ikkje veit, er at han i tillegg er opphavsmannen bak Grissini Project – eit musikkensemble, kort og godt, med utdanna musikarar som spesialiserar seg på spel- og filmmusikk. Dei haustar inn fleire millionar views på YouTube, og spelar for fullsette salar i Frankrike, Sverige og Mexico, mellom anna.
– Idéen var å ha profesjonelle musikarar som ville spele popkulturell musikk, og ville forsvare den på same måte som vi forsvarar typisk klassisk musikk, forklarar Romain Vaudé.
Klassisk utdanna
Han flytta til Noreg i fjor, etter fleire år i Sverige. Han er utdanna klassisk pianist og organist, har studert musikkvitskap i Lyon, og har bachelorgrad frå Malmö Academy of Music, samt mastergrad frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm.
– Eg hadde vore i Noreg nokre gonger før eg kom over jobbannonsen for ein kantor her. Eg kom fram til at det var ein jobb med god stabilitet som eg kunne ha samstundes som eg kunne halde på med Grissini Project, fortel Romain, og held fram:
– Eg er glad i Skandinavia, og eg trivst utruleg godt her i Norge og på Sunnmøre.
Han viser til fjella og fjorden som vi ser frå Valldal sentrum:
– Sjå på det her!
I 2017 spelte Grissini Project ein konsert i Kristiansand. Det var Romain sitt første besøk til Noreg. Samstundes valde dei å spele inn musikkvideo på sjølvaste Preikestolen – for coveret deira av «The Dragonborn Comes», ein låt frå lydsporet til videospelet Skyrim.
Først i år blir det oppfølgar av suksesskonserten i Kristiansand. Seinare i sommar står Ålesund for tur, for då er Romain aktuell som artist under Fjord Cadenza-festivalen.
Grissini Project skal nemleg spele konsert i Parken kulturhus: «Det beste frå Ghibli», ein konsert som tek for seg fleire ulike songar frå katalogen til Studio Ghibli.
Kompleks musikk
For den uinnvigde, er Studio Ghibli eit japansk animasjonsstudio etablert i 1985. Dei tok Vesten og Noreg med storm tidleg på 2000-talet med filmen «Chihiro og heksene», kjend på engelsk som «Spirited Away». Dei er verdskjende for sine fargerike og detaljerte animasjonsfilmar.
– Har du ein favorittfilm frå Studio Ghibli sin katalog?
Det tek han nokre sekund med grubling før svaret kjem:
– Det må vere «Vinden stiger». Den tek for seg vanskelege tema som på godt og vondt er aktuelle, samstundes som den handlar om å verkeleg brenne for noko – som eg trur eg kjenner meg att i som musikar. Det er ei ærleg og veldig menneskeleg historie.
Som klassisk musikar og sjølverklært nerd, opplev Romain ofte at publikum på Grissini Project-konsertar eksisterer i eit kryssingspunkt.
– Vi får ofte høyre frå folk at det er første gong dei har gått på konsert med klassiske instrument. At det er første gong dei til dømes høyrer ein fiolin spelt live. Det er artig, seier Romain.
– Komponisten som har skrive mesteparten av Ghibli-musikken, Joe Hisaishi, skriv kompleks og teknisk krevjande musikk som er vakker å høyre på. Mange har eit forhold til den. Noko som også er interessant er kor god breidde det er i alderen på dei som kjem for å høyre på, som kjem av at Studio Ghibli har haldt på heilt sidan 80-talet. Ein har vaksne som tek med seg barna sine – dei vaksne har gjerne sett «Prinsesse Mononoke», medan barna er kjende med «Ponyo». Dei som no er unge vaksne er gjerne godt kjende med Studio Ghibli, medan vi ikkje har så mange eldre menneske blant publikum.
På verdsbasis er heimlandet hans Frankrike marknad nummer to for manga og anime, på andreplass bak Japan.
– I Frankrike er manga og anime verkeleg, verkeleg stort. Det er fleire ulike artistar som gjer det same som Grissini Project, og slike type konsertar der ein får høyre musikk frå TV-seriar, filmar og videospel er vanlege og ganske populære. Eg er spent på å sjå kva interessa for det er her i Ålesund og omland, forklarar han.
Grissini Project speler popkulturell musikk på klassisk vis – for utselde salar verda over. Foto: Benoit Dochy.
Musikkensemblet har tidlegare turnert med Ghibli-konserten i mellom anna Frankrike og Mexico, og tek den no med seg til Norge for første gong. Foto: Benoit Dochy.
Dei spelar musikk som er kjend for mange yngre, som til dømes frå lydsporet til videospelet Skyrim, eller animen My Hero Academia. Foto: Benoit Dochy.
– Noko av det kjekkaste med prosjektet er at mange av dei som høyrer på oss gjerne opnar auga for klassisk musikk, med det popkulturelle som mellommann, seier Romain. Foto: Benoit Dochy.
Kontakt med publikum
Då han starta prosjektet i 2010, var det han åleine. No er der eit nettverk med profesjonelle musikarar verda over som hoppar inn og ut av prosjektet, alt ettersom dei er ledige eller ei.
I august kan ein få høyre musikk ikkje berre frå «Vinden stiger», men også «Ponyo på klippen ved havet», «Det levende slottet» og «Chihiro og heksene» – berre for å nemne nokre.
– Kan du røpe noko om konserten?
– Eg likar verkeleg ikkje den typiske tradisjonen i klassisk musikk der ein ikkje skal ha kontakt med publikum. Vi likar å involvere dei, så vi planlegg mykje fram mot august som skal hjelpe publikum med å leve seg inn og mimre frå filmane, seier Romain.
Litt hemmeleg skal det vere – men éin ting kan han røpe:
– Vi pleier å be publikum om å ta fram telefonane når vi speler musikk frå «Prinsesse Mononoke», og lyse. Då får publikum rolla som «kodama», nett slik i filmen, smiler han.