Nobelprisvinnar Jon Fosse er ein unik diktar – også i verdssamanheng. No kan du oppleve dikta hans i stemningsfulle omgivnader i Rosekyrkja i Stordal bygdetun søndag 11. august. Det er Kyrkjehola kulturbeite som inviterer deg inn i Fosse sitt univers.
Med førestillinga «Blått svev» presenterer Hildegun Riise, Benedicte Maurseth og Sigbjørn Apeland ein poesikonsert med dikt av Jon Fosse, til nykomponert, improvisert og tradisjonell folkemusikk. Utgangspunktet for konserten er albumet med same namn som kom ut på Grappa Musikkforlag i 2019 i samband med at Jon Fosse fylte 60 år. Førestillinga har tidlegare m.a. blitt sett opp ved Teater Vestland i Førde og på Det Norske Teateret i Oslo.
Jon Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken. Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Fosse, med sin særeigne signatur, som kan skapa. For over den finst ein stor himmel, og i alt han skriv er det sterke band til det vestlandske. Likevel ber litteraturen hans i seg ein allmennmenneskeleg dimensjon som viser seg å vera gyldig i store delar av verda. Det handlar om vatn, regn og fjorden. Om kjærleik og død. Om einsemd og trøyst. Om livet. Tekstane blir løfta fram av det musikalske. Vakkert framført av Riise. Forsiktig utdjupa av Maurseth og Apeland sine inspirerande og levande tonar.
Poesikonserten vekslar mellom det undrande, det vakre og den uroa og lengten som finst i kvar av oss. Framføringa er med utøvarar på høgt nivå: Hildegun Riise – skodespelar, Benedicte Maurseth – hardingfele og Sigbjørn Apeland – trøorgel.
Det er ei stor glede for Kyrkjehola Kulturbeite å kunne presentere tekstar av diktaren Jon Fosse som i 2023 blei årets Nobelprisvinnar i litteratur. Billettar kan kjøpast på Vipps eller i døra inntil ein time før konsertstart. Les gjerne meir på Kyrkjehola kulturbeite sine Facebooksider.