No er det snart innetid om kvelden og kva kjekt kan ein finne på då? Norddal sokneråd skal arrangere to konsertar/songkveldar denne hausten.
Den fyrste vert i Sylte kyrkje torsdag 3. oktober, i samarbeid med Valldalsleia-konferansen. Her får du høyre lokale heltar, både ungdom og litt meir vaksen ungdom, som velvillig stiller opp og byr på masse flott song og musikk. Det vert ein god blanding av klassisk, folkemusikk, pop, rock og jazz.
Arrangementet er gratis. Kaffi og svele får du ved inngangen. Hugs å ta med eigen kopp! Inntektene går til kyrkjelydsarbeidet. Vi gler oss!