Ved bordet sit Maja Vindsnes Arnes til venstre og Siri Lirhus Hove til høgre. Dette er to av dei fem ungdommane som har sommarjobb som vertskap i Rosekyrkja denne sommaren. Det er første dagen for Maja i jobben. Siri har heile tre somrar bak seg som guide, og no er ho i gang med den fjerde. Det er ikkje tilfeldig at desse to er saman. I praksis gjer vi det slik at dei som er nye, skal lære av dei som har vore i jobben ei tid.
Siri fortel at ho synest at jobben er lærerik. Ho lærer stadig meir om kyrkja og lokalhistoria. Det er grei arbeidstid med fem timar for dag. Då kan ho også rekke andre ting både før og etter arbeidstid. Ho får god praksis i å bruke engelsk språk, og ho prøver seg også litt på tysk. Så får ho spørsmål om det er ting ho ikkje likar så godt. Ho nemner då at det kan bli litt lange dagar dersom vêret er dårleg, og det er lite besøk i kyrkja. På den andre sida kan det bli stress dersom det kjem mange turistar samtidig. Den siste tida har det hendt at det har kome turistbussar utan at dei har bestilt plass.
Maja søkte på denne jobben etter tips frå venninne Siri og Susanna. Maja skal ha to dagar med opplæring no. Ho studerer for tida i Trondheim. I faget pedagogikk har ho lese faglitteratur på engelsk og elles brukt det språket mellom anna i Nilsgardstunet, der ho også har jobba.
Dei andre tre som står på vaktlista for Rosekyrkja i år er: Susanna Marie Tafjord, Astrid Larsen Stavseng og Orion Berli.