No er sommarferien for alvor over for dei aller fleste av oss – og over helga er det skulestart. I Storfjordnytt sitt dekningsområde er det fire skular, og det er nok mange som skal byrje på skulen som kjenner litt på sommarfuglar og anna i magen no når det nærmar seg.
Det er ikkje berre dei aller yngste som har skulestart, det gjeld også dei som startar på vidaregåande skule. Eg hugsar sjølv korleis det var den gong då i førre århundre. Kom eg til å hamne i klasse med nokon eg kjende frå før, eller ville det bli berre nye folk å forhalde seg til? Det var nesten det skumlaste! Tanken på å ikkje kjenne nokon. Eg var heldig, eg hamna i ei klasse der det var ein god miks mellom folk eg kjende frå før og nye. Men skummelt var det uansett – og eg måtte ikkje eingong flytte heimanfrå, vi som voks opp i Bærum trong ikkje det. Det er annleis for ungdommane her i vårt område. Å bli hybelbuar er ofte einaste fornuftige alternativet. Det synest mange av ungdommane er kjekt – og foreldra sit att med ein gedigen klump i halsen. Korleis skal no dette gå då…? Dermed kan skulestarten vere vel så skummel for foreldra som for ungdommane.
Trøysta får vere at det går som regel bra. Og det å måtte lære seg å bu for seg sjølv, ta ansvar for seg sjølv og ikkje minst, å handtere pengar, er noko alle må lære før eller sidan. Det er ikkje sikkert at det gjer noko at det for mange skjer før heller enn sidan.
Andre igjen er blitt så store at dei skal til på høgskule eller universitet. Sjølv om mange allereie har fått øvd seg på å bu heimanfrå, er det noko med det. Uansett kor gammal ein blir, sluttar ein aldri å møte ting som opplevest som skummelt og vanskeleg.
Å ha barna sine langt unna, det gjer noko med oss foreldre. Min yngste bur i Oslo-området – og eg må seie eg skvett kvar gong eg les om knivstikking og skyting. Uroa er der, for det er jo så lett å vere på feil stad til feil tid når ein skal bevege seg til og frå jobb og anna… På den andre sida, ein kan jo ikkje gå rundt og vere redd heile tida heller, då blir ein jo sprø. Eg har lært meg (nesten) å leve med det og ha trua på at det jo helst går bra, dei aller fleste vert jo ikkje råka av noko av det vi les om i avisene! Så lett og så vanskeleg.
Til alle foreldre som no opplever at poden flyttar ut og at huset blir tomt. Eg lovar dykk at de ganske raskt vil venje dykk til det! Det å ha huset for seg sjølv, til å ta omsyn berre til seg sjølv – og fylle den ledige tida med noko heilt anna enn køyring til og frå fritidsaktivitetar og slike ting, er eigentleg ganske så ok. Og så er det så ekstra triveleg når ungdommen innimellom kjem heim på besøk…