2022 var eit deprimerande år med tanke på barnefødslar i Fjord kommune. Det året kom berre ti nye «fjordingar» til verda. I heile kommunen.
I fjor, altså 2023, var tala betre, då såg 17 nye små innbyggjarar dagens lys – og for inneverande år ser det ut til at ein vil runde 20 nyfødde. Det er særs gledeleg! Og til alle dykk som er i produktiv alder i kommunen: hald gjerne fram med «produksjonen», den er superviktig!
Sjølv om utviklinga er gledeleg, er det langt att for å kunne halde oppe barnetalet i barnehagar og skular. Ser ein det store biletet, er det framleis slik at alderssamansettinga i Fjord vil endrast slik at det vert stadig fleire i kategorien eldre. Med alt det medfører av endring i tenestene.
Det er mykje eg tenkjer på når eg flyttar på snø. Dei som kjenner meg godt, veit at det er noko eg svært motvillig gjer. Jada, det er god trim og alt det der, men aller helst kunne eg vore snøen forutan. Men no er det slik det er, og når det har lagt nedpå mykje snø, så må den flyttast på. Så medan ein svingar snøskuffa, flyg tankane. Kva skjer den dagen eg treng litt hjelp i kvardagen, vil heimetenesta i det heile tatt greie å ta seg fram til huset mitt vinterstid? Eg trur ikkje det, med mindre dagens bilparken vert skifta ut med noko litt meir robust og «terrenggåande». Kva då? Må eg kvitte meg med huset og finne ein annan stad å bu? Truleg. Men kva med økonomien då… Eg vil truleg ikkje vere i posisjon til å kjøpe meg ei lettstelt og tilrettelagt leilegheit ein eller annan stad i kommunen – og må dermed ut på leigemarknaden. Men har eg lyst til å bu i dei omsorgsbustadene som er tilgjengelege i dag? Ikkje eigentleg.
Eg, og truleg mange andre på min alder, kjem til å ha andre krav til ein slik tilrettelagt bustad enn det som har vore vanleg til no. Sjølv om eg skulle ende opp med å leige, vil leilegheita vere heimen min. Eg vil ha ei dør eg kan låse. Eg vil lage meg middag når eg vil og leggje meg når eg vil, dusje når eg vil… Eg vil ha wifi, eg vil ha moglegheit til å «bråke litt» når eg høyrer på musikk eller ta meg eit glas vin på ein heilt alminneleg måndag om eg skulle ha lyst til det, akkurat slik eg gjer i dag. Men mest av alt: eg ønskjer framleis å ha eit liv når eg kjem så langt, sjølv om eg kanskje må få litt hjelp til enkelte ting i kvardagen. Den store skrekken er kvardagar utan særleg innhald, utan at det vert lagt til rette for at eg sjølv kan fylle dagane med det innhaldet eg sjølv ønskjer.
Det er spennande at kommunen ser føre seg at det skal byggjast fleire leilegheiter, leilegheiter som er tilrettelagte slik at de passar like godt for ein eldre person som for ein yngre. Eg håpar at ein ved offentleg-privat samarbeid kan få til slik utbygging også på sørsida av fjorden. For vi blir eldre der også, og mange kunne nok tenkje seg eit alternativ til eit stort, upraktisk og lite tilrettelagt hus når den tid kjem – utan at ein dermed er moden for noko som liknar på institusjon.
Nåvel, i mellomtida skal vi gle oss over at kommunens unge vaksne produserer nye innbyggjarar, dei er sårt tiltrengt. Altså, ikkje berre ungane, men også foreldra deira. Så må vi sørge for å ta godt vare på dei slik at blir verande i bygdene våre. Då handlar det om å sørge for føreseielegheit med tanke på ferja slik at dei som vil det kan bu på sørsida. Aller helst skulle vi ha hatt ferjefri kryssing av fjorden, men… Det handlar om at vi må ha gode tenester for både små og store – samtidig som ein må hugse på at framtidas gode tenester truleg vil vere annleis enn i dag og kanskje vere plassert på ein annan stad enn i dag. Men det aller viktigaste bidraget til å få folk til å bli, kjem frå oss som bur i bygdene. Vi må ta vel imot alle som har lyst til å vere i lag med oss, behandle dei skikkeleg og få dei med på det som skjer – kort sagt få dei til å kjenne seg både velkomne og nyttige.
Britt Ingunn Maurstad