Brikkene er i ferd med å falle på plass
For de av dykk som har følgt med litt den siste tida, har nok lagt merke til at redaksjonen har vore relativt slank dei siste vekene. Og med slank så meiner eg aldeles ikkje at vi har knaska gulrøter og trent. Tvert om. Inntaket av sjokolade har vore skyhøgt og godsakene har vore skylt ned med meir enn rikelege mengder kaffi. Veldig godt, men ein slik diett er ikkje eigna til å gjere underverker for verken vårkroppen, sommarkroppen, blodtrykk eller anna. Slik er det innimellom når kvardagen ikkje heilt heng ihop og ein ikkje har verken tid eller lyst til å lage skikkeleg mat.
Desse vekene er det berre takka vere superheltar i form av gamleredaktøren, andre frilansarar og Nynorsk Pressekontor, at det har blitt lesestoff kvar torsdag. No er kvardagen heldigvis i ferd med å bli normal igjen, og då bør eg kanskje gjere noko med måltidsvanane også. Men – eg innrømmer det så gjerne: eg er sjokoladoholikar. Om eg får lov, et eg gjerne sjokolade til alle måltid – og til mellommåltida og måltida mellom mellommåltida også. Om eg attpåtil kan skylje det ned med kaffi, ja då er lykka komplett. No er brikkene i ferd med å falle på plass her i lokalavisa, det trur eg vil gjere godt både for den sjokoladeavhengige redaktøren og lesarane. Ha ei riktig god veke alle saman!