Orsak for bruk av engelsk i tittelen, men den er ganske så dekkjande for dilemmaet fylkeskommunen står i når det gjeld Trollstigen.
Førre veke vart det bestemt at Trollstigen vert halden stengt ut året. Det skjedde etter at det datt ned ein stein som trefte bilen til entreprenøren som har tilsyn med vegen. Etter at geolog hadde vore på synfaring, vart det altså bestemt at vegen måtte stengast.
Og det er her dilemmaet er: skal ein halde ope og risikere at vegen i verste fall tar liv, eller skal ein stenge og risikere at næringslivet som er heilt avhengige av turisttrafikken over Trollstigen får problem…? På sosiale media argumenterer mange med at vi her i regionen lever med rasfare nær sagt overalt, utan at vegar vert stengde av den grunn. Så – uansett kva fylkeskommunen vel å gjere i denne saka, vert det gale. Damned if you do, damned if you don’t altså…
Trollstigen vart i si tid bygd som ein turistveg. Heile fylkesveg 63, frå Langvatn og over Trollstigen er under Nasjonal turistveg-paraplyen. Dermed er det nærliggande å slå fast at staten er nøydd til å ta ein stor del av kostnadane knytt til vedlikehald og rassikring, sjølv om det er ein fylkesveg og det såleis er fylkeskommunen som «eig» vegen.