Det er ikkje berre berre å få til alt ein har lyst til. Det er ikkje berre berre å ha føreseielegheit i kvardagen heller. Det viser siste vekas hendingar.
For å ta det siste først: føreseielegheit i kvardagen. Om knappe to veker går vi tilbake til vinterrute på sambandet Eidsdal-Linge. Det betyr også at B-ferja takkar for seg for denne gong slik at det berre vert éi ferje på fjorden. Då er styret tilbake for alle dei som har ferja som del av sin daglege reiseveg, enten dei skal på jobb, til legen, nå eit fly eller dei har andre avtalar. Spørsmålet alle i dei tre sørsidebygdene no stiller seg er: kjem vi oss dit vi skal i tide? Svaret er at stort sett så gjer ein nok det. Men så er det dei nettene når ferja må ut og gå. Kva då? Slike turar lar seg ikkje på noko vis planlegge, når ein situasjon oppstår, må ferja berre ta laust. Slik er det – og slik har det vore «i alle år». Men inntil i januar hadde ein dispensasjons frå kviletidsreglane slik at ferja kunne følgje rutetabellen, sjølv med nattlege ekspedisjonar. Og sjølv om Sjøfartsdirektoratet har fått ein smekk på fingrane frå departementet om for firkanta praksis med omsyn til dispensasjonar, så hjelper ikkje det stort for Eidsdal-Linge sin del. For ifølgje Fjord1 spelar det lita rolle kva dei og mannskapet sjølve ønskjer, så lenge fagforeiningane seier nei til dispensasjon. Då vert det å lære seg å leve med (i den grad det lar seg gjere) med uvissa om ein kjem seg på jobb i tide eller ikkje. Statistikk og erfaring tilseier at stort sett så gjer ein jo det. Men uvissa er der. For om ferja må ut og gå i halv fem-tida natta, så vil ikkje ferja kunne setjast inn i ruta før nærare lunsj på grunn av at mannskapet skal ha eit viss tal timar med kvile. Reglar er til for å følgjast, det er klart, men at dispensasjonen som har vore praktisert sidan midt på 1980-talet, har så langt eg veit aldri ført til problem av noko slag.
Så kladdar det seg til for dei som brukar Raudebrua i Valldal. Også her er det lett å forstå kommunen – får ein frå fagfolk råd om å stenge brua for trafikk, så må ein jo gjere det. Ein kan berre tenkje seg krigstypane det vil føre til i media om ein held brua open og den dett ned og folk kjem til skade. Lett å forstå at det ikkje er noko alternativ. Det er også lett å forstå dei som brukar brua, at dei ønskjer å kunne krysse elva der ettersom alternative er kilometervis i omkøyring. Ny bru er ønsket, men kvar skal pengane kome frå?
Det er ikkje greitt å vere politikar heller – storleiken på pengesekken er svært avgrensa, og ein vil helst bruke pengar på alt. Det går jo ikkje, det veit vi jo, men greia er at det over år har vore mykje som har vore betydeleg artigare (og kanskje innimellom meir nødvendig) å bruke pengar på enn bruer og vegar. For som det vart påpeikt: vegar og bruer generelt og Raudebrua spesielt har lege i budsjettet i nokre år no, utan at det har blitt prioritert. Noko så trivielt som ei bru eller nokre meter med veg er kanskje ikkje veldig spennande. Og i alle fall er det nok ikkje veldig sexy, sett frå ståstaden til ein politikar. Men då går det jo gjerne som det går: manglande vedlikehald gjer til slutt at ting dett frå kvarandre. Det gjeld hus, det gjeld vegar – og det gjeld bruer. Faktisk er det ei bru til som har vore spesielt nemnt i budsjettdokumenta dei siste åra: Puskebrua. Både den og Raudebrua har hatt behov for kjærleik og omtanke i mange år, begge har vore inne på budsjettet i mange år, men når politikarane konsekvent har prioritert andre ting, så vert det slik. Og konsekvensen for Raudebrua vert altså stenging.
For å få bukt med desse tinga har mange av politikarane med stor iver peikt på å innføre eigedomsskatt på bustad- og fritidshus. Denne veka starta synfaringane som skal danne grunnlaget for verdifastsettinga av din og min og alle andres eigedom. Vil det avhjelpe på bruer og vegar? Lite truleg. Inntektene kommunen får frå dette går inn i «det store sluket» og eg fryktar at eigedomsskatten, om den vert vedteke innført i samband med budsjettbehandlinga før jul, berre vil bli ei behageleg sovepute for mange av politikarane. Ei sovepute i den forstand at kommunen vil få litt meir inn – slik at politikarane då kan sleppe å gjere det mange av dei fryktar aller mest: prioritere.
Det står att å sjå korleis det vert framover, både med kommuneøkonomi og med ferjeavgangar!