Storfjordnytt
6 minutter lesetid

Dialog; så lett – og så vanskeleg

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Innimellom undrar eg meg over kva som manglar enkelte organisasjonar. For mange stader kan det sjå ut til at kommunikasjon er eit framandord, at gode prosessar og involvering heller endar ut som diktat frå oven. Særleg i det offentlege meiner eg å ha lagt merke til dette, også i vår eigen kommune.

Saken fortset etter annonsa

Eg er ved fleire høve blitt skulda for å vere i overkant oppteken av folk. Det synest eg er ei ganske pussig skulding. Sjølvsagt er eg oppteken av folk, det er folk eg har med å gjere i min jobb – folk i ulike livssituasjonar som har ulike historier å fortelje, historier eg ofte har det store privilegiet å få formidle vidare ut til lesarane. 

Som leiar er eg sjølvsagt også oppteken av folk. Utan folka i organisasjonen, er det lite som vert gjort. Det gjeld uavhengig av storleiken på organisasjonen. Skal ein gjere endringar, det vere seg i måten å gjere ting på, nedskjeringar, effektiviseringar eller anna, så må ein ha ein god dialog med dei tilsette. Sjølvsagt er det enklare med god dialog i en bitte liten organisasjon som i Storfjordnytt enn i ein stor kommunal organisasjon, men prinsippet er det same. 

Dialog betyr samtale mellom to eller fleire. Snakke med. Ikkje til. Det handlar også om å lytte og forstå den ein pratar med. For sjølv om ein sjølv sit på eit kontor og er leiar, er det lite produktivt som kjem ut av å mure seg inne på kontoret og tenkje tankar på eiga hand. Utan takhøgde nok til usemje og diskusjonar, vil ein bli ståande på staden kvil eller ta mindre gode avgjerder fordi ikkje alle perspektiv og moment kom på bordet til vurdering. For det er faktisk slik at det vert tenkt lure tankar også andre stadar enn i toppleiinga.

I Fjord kommune skal ein gjennom relativt omfattande omstillingar i tida som kjem. Det har eigentleg vore «på tapetet» i mange år, men ein har ikkje lykkast å få særleg dreis på arbeidet. Og det som forundrar meg, er det eg blir fortalt frå fleire hald om mangel på involvering der ute i organisasjonen. Kanskje ikkje så rart då at mange ikkje deler verkelegheitsoppfatninga som leiinga har og at ein dermed ikkje får gjort så mykje. 

I mitt hovud er relasjonsbygging noko av det viktigaste ein kan drive med. For meg betyr det å kome seg ut av kontoret og snakke med folk. Snakke med. Ikkje til. Det er utruleg viktig å kjenne dei ein jobbar i lag med og ikkje minst: å vite kva dei driv med, korleis og kvifor. Det handlar om å bli kjent, om å skape gjensidig tillit. Jobbar ein med dette, så har ein også lagt eit godt grunnlag for å kunne etablere ein god prosess med legitimitet når det er nødvendig med endringar og omstillingar. 

Det er derfor eg stadig vekk vert forundra når signal frå «fotfolket» i den kommunale organisasjonen er at dei ikkje kjenner seg att i det som vert sagt frå «høgare hald» om involvering. Ikkje berre vert eg forundra, eg vert lei meg også. For rundt om i dei ulike einingane i kommunen, enten det no er pleie og omsorg, skule eller anna, er det ein drøss med flinke folk som går på jobb kvar dag for gjere ein best mogleg jobb. Dei veit best kva jobben deira går ut på, og dei er dei som er best i stand til å gi leiinga kunnskap og råd når det kjem til omstilling. 

Saken fortset etter annonsa

Så er det sjølvsagt ikkje slik at involvering betyr at ein alltid får viljen sin. Ikkje i det heile tatt. Men – det er mykje lettare å akseptere eit «tap» når ein føler ein er blitt sett og høyrt undervegs i prosessen. 

Det som ikkje fungerer, er «diktat» frå «oven» med ei forventning om at alle skal hoppe når leiinga seier «hopp». Og det er nettopp dette som også forundrar meg: det er utruleg mange flinke folk i leiinga, folk med god og brei kompetanse på mykje. Kvifor er det då så vanskeleg å få til dei grunnleggjande tinga når det gjeld folk…? Kommuneleiinga sa på siste kommunestyremøte at det er lett å få tunnelsyn når ein er pressa på jobb. Kan hende er der fleire med tunnelsyn…?

Uansett, det er vanskeleg å vite eksakt kvar ein skal når ein ikkje har ein plan. Det har frå politisk hald i årevis vore etterlyst ein heilskapeleg plan for både oppvekst- og pleie og omsorgssektoren. Kva behov har Fjord kommune i åra som kjem – og kva vil vi at Fjord kommune skal vere nokre år fram i tid? Kommuneplanens samfunnsdel seier noko om dette, i store luftige ord og vendingar. Dei heilskapelege planane må vere meir konkrete enn som så. Og først når ein har dei på plass, gir det meining å gjere dei store grepa når det gjeld både struktur og anna, sjølv om det er enkelte ting som er enklare å få auge på enn andre. Som til dømes «Loftet» som ikkje på noko vis er i tråd med moderne demensomsorg. Der må noko gjerast, det har eg meint sidan eg kom hit for 25 år sidan. Men det bør, som det meste anna, vere del av ein større plan. Og ein plan kan berre omsetjast i praktiske tiltak dersom dei det gjeld er med «på laget». Så lett. Og så vanskeleg.