Storfjordnytt
4 minutter lesetid

Dumt, men menneskeleg å ikkje lære av historia

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vi menneske er rare skapningar. Rare og kompliserte. Og enkle. Sjølvmotseiande? Ja så absolutt, men så er då også vi menneske ofte nokre gedigne sjølvmotseiingar!

Saken fortset etter annonsa

For vi lærer ikkje av historia. Og mange av oss lærer heller ikkje av eigne feil. Sjølv om vi i alle samanhengar det passar seg slik snakkar varmt og høgt om vår evne til å lære av feila vi gjer… Eg kan vel eigentleg berre snakke på eigne vegner, men eg er altså frykteleg dårleg på å lære av eigne feil. Eg går i staden på med stadig krummare hals og med eit stadig større håp om at neste gong, neste gong så lukkast det, neste gong går alt slik det skal… Nokre gongar gjer det det, men svært ofte gjer det ikkje det. Og då er eg like langt – og har ganske raskt fortrengt det heile.

Astor Furseth slo under minnemarkeringa for Tafjordulykka søndag fast at vi ikkje er i stand til å lære av historia. Då tenkte han på fjellskred. Kanskje ikkje så rart. Fjellskred har ein tendens til å gå med ganske mange års mellomrom, då er det lett at vi i mellomtida gløymer kva konsekvensane vart ved førre korsveg. Då Langhammaren deisa i sjøen natt til 7. april 1934, så var ikkje folket i bygdene langsmed fjorden spesielt godt budde på at noko slikt som dette kunne skje. Ja, det hadde skjedd før, men den siste store ulykka var trass alt i 1731. Då var det Skafjellulykka som førte til ei flodbølgje som tok fleire menneskelig. Og kven kan då vel hugse kva som skjedde for hundre år sidan og kva konsekvensane vart…?

Vel – det var nok vanskelegare å ta vare på kunnskapen og «halde saka varm» den gongen enn det er no. Men sidan vi menneske har halde fram med å både byggje og bu i strandsona, så må vi ha i mente kva som skjedde både i 1731 og ikkje minst, i 1934. For er det noko som er heilt sikkert, så er det at dette vil skje igjen. Spørsmålet er berre når.

Om ein spør ein geolog om når ein kan forvente at ei slik stor ulykke vil skje igjen, kan dei finne på å svare «snart». Då eg for nokre år sidan fekk vere med Åkmes/Tafjord Beredskap opp til målepunktet i Hegguraksla, så hadde eg gleda av å diskutere dette med Einar Anda, geologen som også var med opp den dagen. Geologane er ganske søte når dei meiner at noko «snart» vil skje. For dei betyr «snart» alt frå i morgon til om nokre tusen år. Uansett kva «snart» betyr når det gjeld Åkerneset eller Hegguraksla, så veit vi at noko vil skje – ein eller annan gong.

Saken fortset etter annonsa

Vi som bur i bygdene langs Storfjorden i dag, vi bur i eitt av dei best overvåka områda i landet. Vi gjer som Astor Furseth etterlyste i samband med Tafjordulykka: vi lyttar til fjellet i større grad i dag enn for 90 år sidan. 

Både Åkerneset og Hegguraksla er fulle av måleutstyr som kontinuerleg sender informasjon om «stoda» til dei som veit å tolke slike data. På den måten lyttar vi altså til kva fjellet har å fortelje oss. Det betyr at vi ved neste korsveg mest truleg får evakuert alle i området slik at menneskeliv ikkje går tapt. Det er bra. Men det fordrar også at det også i framtida er ei forståing for kor viktig det er å halde fram med å finansiere overvakinga slik at vi kan kjenne oss trygge her i indre fjordstrok samtidig som fjella vert lytta til av folk som forstår kva dei seier. Viss vi ikkje minner storsamfunnet på dette ved å «halde saka varm», vil vi vere like lite førebudde neste gong som dei var for 90 år sidan…