Den siste tida har facebookgruppa «Stordal ut av Fjord kommune» dukka opp – og på kort tid er det mange som har blitt medlemmar. I starten var det ei opa gruppe, det er den ikkje lenger.
Eg registrerer også at det er dei som er overraska over at det er ei rørsle i gang i Stordal og at det vert uttrykt misnøye med ekteskapet som vart inngått mellom Stordal og Norddal. Eg derimot, er ikkje spesielt overraska over dette.
Eg har vore med på dei aller fleste møta som leia fram til Fjord kommune, heilt frå starten med ulike alternativ som strekte seg utover, bortover og innover. Det eine alternativet etter det andre fall i hop – og då det var tid for folkerøysting, var det mange stordalingar som – dersom Stordal ikkje kunne halde fram som eigen kommune – ville vende nasen utover. I Norddal kommune var røystinga ei underleg seanse, mange kjente på at det mangla eit alternativ å røyste over; å gå saman med Stranda kommune.
Uansett, Norddal kommune enda med å gjere sine hoser grøne hos Stordal – og ein sette seg ned for å diskutere ektepakten. To dagar med møte på Nilsgardstunet enda ut i intensjonsavtalen. Då hadde det vore tautrekking om både rådhus, helsehus og anna.
Alt i intensjonsavtalen er slett ikkje gjennomført. Men – avtalen vart underskriven av dei to partane i desember 2016. Mykje har endra seg sidan den gongen, men grunnprinsippa som er nedfelte i intensjonsavtalen ligg der framleis.
Det vart bestemt at administrasjonsstaden skulle vere Valldal og at rådmannen (som det heitte den gongen), staben hans og ordføraren skulle halde til på administrasjonsstaden. Altså i Valldal. Teknisk etat og plankontor, næringskontor, legekontor og helsestasjon skulle lokaliserast til Stordal. Det skulle også vere eit mål å oppretthalde like mange kommunale arbeidsplassar knytt til rådhusa i begge dei tidlegare kommunesentra – og fellesnemnda fekk i oppgåve å organisere dette.
Mykje av det som var nemnt i intensjonsavtalen er på plass, men ikkje alt. Legesituasjonen i Stordal er ikkje optimal, og eg har forståing for at det er noko stordalingane kjenner på. Ein har heller ikkje greidd å lande dette med lokalisering av legekontor og helsestasjon.
Den gongen, i 2016, såg framtida lys ut for eit ekteskap mellom Stordal og Norddal kommunar. Til og med Telemarksforsking meinte i ein rapport dei utarbeidde at denne samanslåinga ville vere mellom dei meir vellykka samanslåingane i landet, ikkje minst økonomisk. I etterpåklokskapens lys kan ein jo undre seg litt over kven sine sokkar forskarane i Telemarksforsking hadde røyka sidan dei landa på den konklusjonen…
For føresetnadene for samlivet endra seg ganske kjapt, særleg etter at ekteskapsinngåinga var eit faktum. Fjord kommune gjekk i pluss første året – og så byrja det å trøble seg til økonomisk. Om 2023-rekneskapen endar ut slik at ein greier å dekkje underskotet frå 2021, det veit vi enno ikkje, administrasjonen har ikkje kome med nokon antydningar om verken sånn eller slik. Om ein ikkje får dekt inn underskotet, blir Fjord ein Robek-kommune. Det treng faktisk ikkje vere så gale, mange kommunar har hatt god nytte av akkurat det og kome ut i andre enden med betre drift og ikkje minst, betre kontroll på økonomien.
Så – til dei som trur at det er trusselen om eigedomsskatt på hus og hytter som er årsaken til at fleire i Stordal no byrjar å drodle med tanken på å oppløyse ekteskapet, dei kjenner historia dårleg. Det er mykje meir enn som så som ligg bak. Og det aller viktigaste er dette: mange stordalingar ville ikkje slå seg saman i det heile – og om så «gale» skulle vere, så ville dei i alle fall ikkje innover fjorden. Dei ville utover. Det kan ein også forstå, Stordal er nærare bu- og arbeidsmarknadsregionen i stor-Ålesund enn dei fem bygdene i gamle Norddal kommune. Så vart det som det vart, og mange har tenkt at då får ein gi ekteskapet eit forsøk og gjere det beste ut av det. Men – eg skal vere samd i at forsøket på ein del område ikkje nødvendigvis har vore vellykka så langt.
Det er interessant å sjå kva som røyver seg også her på Indre. Liabygda har no sett i gang prosessen med å få utgreidd grensejustering frå Stranda kommune til Fjord kommune. I Stranda kommune vil dei naturleg nok ikkje miste ei bygd på dette viset, og vil heller sjå på andre variantar, mellom dei ei samanslåing mellom Stranda og Fjord. Då er ein på eit spor som eg personleg har etterlyst frå kommunereformprosessen starta opp. Eg har alltid meint, og meiner framleis, at bygdene her inst i fjorden bør vere del av same kommune. Mange ønskte seg det den gongen, sjølv om norddalspolitikarane ikkje ville høyre snakke om slikt.
Mi meining er at kjem det ein formell invitasjon til å vere med og få saka utgreidd, så bør Fjord kommune vere med på det. Rett og slett fordi det aldri skader å ha oppdatert informasjon om kva noko slikt ville innbere, for då har ein eit betre beslutningsgrunnlag å meine ut frå – om det skulle kome til det.