Eg innrømmer det så gjerne: eg har aldri kjent på at 8. mars, kvinnedagen, er spesielt viktig. I det minste ikkje for meg. Eg har muligens vore ein smule bevisstlaus akkurat når det gjeld dette. For eg har vore så priviligert at eg har fått vekse opp i Noreg. Ikkje for det, det er ting å pirke på her og, men samanlikna med mange andre, har vi det ganske godt her, uansett kjønn. Eg har aldri kjent meg urettferdig behandla fordi eg er jente. Tvert om, eg har alltid følt og meint at dersom eg legg ned innsatsen som skal til, så har eg nøyaktig dei same moglegheitene både når det gjeld utdanning og jobb som ein mann.
Som jentunge ville eg bli astronaut, astronom – og aller helst ville eg flyge jagarfly! No vart eg verken astronaut, astronom eller jagarflygar. Eller noko som helst anna for den saks skuld. Men det er mi eiga skuld. Det var eg som tok valet om å ikkje fullføre utdanninga eg byrja på, det var eg som tok valet om å jobbe i staden. Eg kunne nok ha kome inn på stort sett det eg ville av studium, med unnatak av medisin (til det hadde eg ikkje gode nok karakterar). Men eg valde det vekk. Ikkje fordi eg følte meg underlegen medstudentane eller fordi eg følte meg dum. Det var fordi eg tok valet om at det som passa best for meg, var å vere i jobb. Rett nok var det andre ting som spelte inn også, men poenget mitt er at valet til sjuande og sist var mitt, uansett kva årsakene til at det vart slik, var. Og eg vil tore å påstå at det med tida vart «folk» av meg også.
Men eg ser at eg var – og er – priviligert. Eg hadde eit val. Ikkje alle har det. Og ser ein seg om i verda, er det dessverre stadig fleire som ikkje har noko val. Sjølvbestemt abort til dømes. Den retten tek vi på min alder for gitt at vi har. Den retten vert stramma kraftig inn mange stader, også i land som likar å kalle seg demokrati. Som i USA der ein del av rettane kvinner har kjempa for gjennom tiår no er i ferd med å forsvinne. Utviklinga er rett og slett sett i revers.
Då er Frankrike ein god motvekt. 4 mars i år, altså for knappe to veker sidan – og nesten 50 år etter at abort vart tillatt i Frankrike vart denne retten grunnlovsfesta. Så det er ikkje alt som går feil vei. Heldigvis.
Dei siste åra har markeringa av kvinnedagen her lokalt handla mykje om kvinnehelse. Det er utruleg viktig, for det er framleis slik at det er ein del sjukdommar det ikkje har vore forska spesielt mykje på – mange av desse er kvinnesjukdommar og dermed ikkje like prestisjefylte å halde på med som ein del andre… Årets markering hadde kroppspress som tema. Dette er eit stort og viktig tema – som angår kvinner og menn i alle aldrar. Kroppspress er heller ikkje noko nytt fenomen, det har eksistert til alle tider. Det nye er at med sosiale media, influensarar og bloggarar og all reklamen, så vert vi eksponert for dette overalt.
«Før i tida», før internett, sosiale media og influensarar, var det lettare å lukke øyrene når til dømes vår kvinnelege gymlærar Clausen gjekk rundt i garderoben på peikte på alle «skavankane» våre. «Du er tjukk du.» «Litt mykje mage der ja…» «Om du går litt ned i vekt, så kjem du til å springe Solbergrunden MYKJE fortare.» Det var ikkje måte på kva «gode råd» vi jentene fekk i garderoben etter gymtimane på gymnaset. Men meldingane vart levert munnleg og «face to face», det gjekk ikkje føre seg digitalt. Og ettersom dei aller fleste av oss fekk vårt pass påskrive når det gjaldt kroppane våre, kunne vi diskutere dette oss imellom og vere samde om at Clausen var ein dust det ikkje var verd å bry seg om.
Sjølv om vi her i landet eigentleg har det ganske bra, så bør vi hugse på alle dei som slett ikkje har det slik. Kvinner verda over kjempar for dei mest grunnleggande rettane, ting vi her i landet tek som ei sjølvfølgje. Det handlar om å få gå på skule, om å kle seg som dei vil, om å få vere i lag med den dei vil. At vi i 2024 framleis må lese om kvinner (og menn) som vert dømde for – i våre auge – dei villaste ting i regime vi slett ikkje likar å samanlikne oss med, det gjer meg berre trist.
Men det absolutt tristaste er at vi slett ikkje treng å reise ut av landet for å finne kvinner som ikkje har friheita mange av oss tar for gitt. Også her i Noreg er det svært mange kvinner som opplever at kvardagen vert kontrollert av familiens menn, ofte på grunn av ein sjuk oppfatning av kva «ære» er… Dette er både religiøst og kulturelt betinga, kanskje meir kulturelt enn religiøst. Uansett kva grunnen er, det er ikkje bra og det norske samfunnet bør ikkje vere bekjent av at det er slik, kalenderen viser trass alt 2024.
Vi lokalt bør ha også desse kvinnene i tankane når kvinnedagen skal markerast framover. Viss ikkje, fryktar eg at vi også vil bevege oss i ei retning som tek oss bakover i tid heller enn framover.