Storfjordnytt
3 minutter lesetid

Endringar i avisverda

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Som eg har sagt på leiarplass ved fleire høve tidlegare: det å halde på med papiravis vert stadig vanskelegare med tanke på logistikk og ikkje minst: det vert dyrare. Det er ikkje berre Storfjordnytt som merkar dette, men lokalaviser over heile landet.

Saken fortset etter annonsa

Ei av lokalavisene som tek konsekvensane av dette, er Suldalsposten. Denne veka kom meldinga om at Suldalsposten frå og 1. juli legg ned papiravisa og vert vert heildigital. Suldalsposten var også tidleg ute med å kutte frå to til éi utgåve i veka – og er no blant dei aller første (kanskje den aller første…?) som kuttar papiret fullstendig. Suldalsposten slit med bemanninga, noko fleire små aviser rundt om i landet, også Storfjordnytt, også gjer – og styret i Suldalsposten håpar at avisa skal bli meir attraktiv å jobbe i når ho til sommaren vert heildigital.

Eg veit at mange av våre lesarar er engstelege for at dette skal skje med Storfjordnytt også. Til dykk vil eg seie: det kan hende vi må sjå på det i ganske nær framtid vi også. For det er blitt dyrt med papiravis. Det kostar å trykke – og det å ha fargetrykk på alle sidene er så dyrt at det er ikkje til å tenkje på ein gong. Det kostar også å distribuere – og det er særleg distribusjonen som vil endre seg for vår del.

For der Suldalsposten frå og med 1. juli vert heildigitale, så vert det også endringar for Storfjordnytt sine abonnenter i bygdene i Fjord kommune. Frå 1. juli vil Storfjordnytt bli distribuert med Posten og ikkje med avisbud. Det er rett og slett ikkje lønsamt å ha eit avisbud i bygdene her inst i fjorden, det er beskjeden vi har fått frå budfirmaet. Og det er forresten ikkje berre Storfjordnytt som då vil bli distribuert med Posten, det vil også andre aviser som til dømes Sunnmørsposten. 

Saken fortset etter annonsa

Omlegginga vil også seie at når på dagen avisene vil hamne i postkassa di, vil vere annleis enn i dag. Mange er vande med å få kunne kose seg med papiraviser til morgonkaffien, det er det ikkje sikkert det blir høve til no. Kan hende vert det aviskos til ettermiddagskaffien i staden. Dette får vi ikkje gjort noko med. Men enn så lenge er det «gammalt regime» som gjeld, lat oss setje pris på det!