Kor mange som les Storfjordnytt går litt opp og ned – det har det alltid gjort, og slik vil det nok også vere framover. Derfor er det veldig gledeleg å sjå dei offisielle opplagstala som kom tysdag denne veka. Storfjordnytt har ein, etter vår målestokk, god auke i opplaget for første halvår i år samanlikna med første halvår i fjor.
Aller best likar vi at det er fleire heildigitale abonnentar no enn tidlegare. Det er utruleg viktig for oss – og vil bli stadig viktigare i tida som kjem. For kostnadane knytt til papiravisa, altså trykking og distribusjon, har hatt ein formidabel auke det siste halvtanna året – i tillegg til at det ikkje akkurat er blitt enklare å få papiravisa ut til postkassene til folk. Denne utviklinga vil nok berre halde fram, er eg redd. Dermed vert nettavisa stadig viktigare. For oss. Og for abonnentane. For digitalt så kjem sakene medan dei enno er ferske, det går ikkje på papir ein gong i veka.
Og ser ein berre på kostnadene knytt til papiravisa, så er det faktisk slik at om vi etter kvart kunne spart oss dei, så kunne eg langt på veg ha lønna ein heil journalist til slik at vi kunne publisert endå meir lesestoff… Det er noko å ta med seg det også.
Men førebels gler vi oss altså over at fleire enn før les oss, enten det no er på papir, på pc eller på telefon. Det synest vi er veldig stas – og håpar at endå fleire etter kvart vil vere del av Storfjordnytt-familien vår.