Det er truleg ikkje berre eg som har følgt eit visst val i USA natt til onsdag. I skrivande stund er det klart at Donald Trump vert USAs neste president. Som forventa eigentleg, sjølv om meiningsmålingar har hevda at det ville bli eit rekordjamt val. Historia har vist at meiningsmålingar, i alle fall når det gjeld presidentvalet i USA, ikkje på noko vis er til å stole på.
På ein dag som denne er det freistande å snakke om oransje eldre menn med eit ordforråd som ein gjennomsnittleg tiåring. Men eg skal ikkje det. Eg skal ikkje nemne det amerikanske valet meir i det heile, for vi har jammen meg nok å tenkje på her på heime. Det er stortingsval neste år – og vi i redaksjonen registrerer at dei ulike fylkespartia har hatt – og skal ha – nominasjonsmøte i desse dagar.
Det er også tid for budsjett for neste år og økonomiplan for dei komande fire åra. Fylkeskommunedirektøren har allereie lagt fram sitt framlegg til budsjett og økonomiplan, vi vil kome attende til dei innsparingspunkta som vi her inst i fjorden vil merke best. I tillegg er nok kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan også rett rundt hjørnet, det vert spennande å sjå kva som kjem av framlegg til kutt og andre innsparingar der. Eg vil rekne med at kommunedirektøren igjen vil sjå på tenestestrukturen i Fjord, det er han i sin fulle rett til å gjere, sjølv om politikarane har gjort vedtak om freding av i alle fall skulestrukturen. Det vert spennande framover!