Denne første avisa etter påska er prega av at det har vore nettopp det: påske. Og av at redaksjonen er på eit absolutt minste minimum når det gjeld bemanning. Når i tillegg den einaste faste «snuten» i avisa, underteikna, var sjuk nokre av påskedagane, då merkar ein det når ein kjem att på jobb. Derfor er det mykje anna stoff i denne avisa. Det håpar eg at lesarane kan leve med ein gong imellom.
Så blir det ein spennande vår framover, både rundt om i bygdene våre og her i redaksjonen. Om to veker har vi fått ein ny medarbeidar inn dørene, ein eg har godt håp om skal kunne bli ein framifrå produsent av innhald til Storfjordnytt, både på papir og digitalt. For dei som enno ikkje har fått det med seg, er det Torbjørn Storås – oppvaksen i Eidsdal og no busett i Tafjord – som startar som ny journalist. Det skjer måndag 15 april. Når den tid kjem, vil vi sjølvsagt presentere han nærare i avisa, men inntil vi får gjort det, håpar eg at de vil ta godt imot han når han er ute på tur på vegner av avisa. Det er ikkje berre berre å vere heilt ny heller, så eg håpar de også har det med dykk og gir han litt slakk i starten. Så litt lenger utpå våren, er også Tina attende frå permisjon – slik at vi i mai nok ein gong skal vere fulltallige. Det er det nok fleire enn eg som vil setje pris på, trur eg!
Rundt i samfunnet vårt er det også ting som skjer utover våren. Og allereie komande søndag er det storhending på gang. 7. april er det nemleg 90 år sidan Tafjordulykka, og det er ei sjølvfølgje at det må markerast! Eitt av dei første store oppdraga eg var på for Storfjordnytt, var faktisk 75-årsmarkeringa for Tafjordulykka…
Fleire ting må også finne si løysing i løpet av våren. Det eine er Raudbergvika – der ein av omsyn til alla partar bør gjere ein innsats for å kome vidare. Problematikken kring installasjonane knytt til lading av ferje i Eidsdal er også ei sak som kjem til å pågå utover våren etter at kommunestyret rett før påske avviste plasseringa slik Fjord1 og fylkeskommunen hadde tenkt det og sende saka attende slik at dette må sjåast på på nytt. Så er det dette evig tilbakevendande problemet med ferja og kviletid. Til og med noko så idiotisk som å stille klokka ein time fram natt til 1. påskedag, førte altså til at ferja ikkje kunne gå første avgangen. Reaksjonane i sosiale media var ikkje nådige. Her må fylkeskommunen og Fjord1 jobbe hardare for å finne ei løysing som sikrar innbyggjarane i dei tre sørsidebygdene ein føreseieleg kvardag. Det er no fleire månader sidan beskjeden om at dispensasjon frå kviletidsreglane ikkje lenger vart gitt, ja vi startar på fjerde månaden. Kva har skjedd i den tida som har gått? Spør ein innbyggjarane i Eidsdal, Norddal og Geiranger som er dei som får svi kvar gong det er noko, enten ambulanseoppdrag nattestid eller å stille klokka, så vil dei trulg seie at det ikkje har skjedd noko. I det minste har det ikkje blitt noka betring. Sørsidefolket veit framleis ikkje om ferja går etter ruta i morgon tidleg. Det er rimeleg uhaldbart, vi lever trass alt i 2024 og bør vere ei sjølvfølgje at ein kjem seg dit ein skal når ein skal.