Under pandemien, då samfunnet var så godt som totalt nedstengt, vart mange av oss veldg bevisste på å handle lokalt så langt det lar seg gjere. Faktisk vart vi oppmoda til det – for å hjelpe lokalt næringsliv til å halde hovudet over vatnet i ei vanskeleg tid. Og eg har inntrykk av at bygdefolket var flinke til å gjere det. Handle lokalt altså.
No er pandemi og nedstenging eit tilbakelagt stadium og mange har nok gått attende til gamle vanar og uvanar. Derfor er det ikkje så lett for enkelte bedrifter å halde omsetninga oppe slik at ein får lønsemd i drifta.
Vi har sett det utallige gongar før: med kaféar og anna. Når tilbodet er der, er det lite brukt. Men den dagen tilbodet forsvinn, så vert det ramaskrik ute blant folk. Kvar skal vi no treffast, er gjerne spørsmålet. Då er det jo freistande å minne dei som ropar høgast på at dersom dei og andre hadde vore flinkare til å bruke tilbodet medan det enno var der, så hadde kanskje sjansen for at det var liv laga vore større.
No er det butikken, eller «buda» i Norddal som heng i ein syltynn tråd. Og seinare denne veka vert det invitert til bygdemøte for å diskutere om det er mogleg å redde butikken på noko vis. Det ville vere eit stort tap for bygda om «buda» skulle forsvinne, på same måte som det var eit stort tap for tafjordbygda då det ikkje var drift i butikken der. Vil vi ha butikkar og anna næringsliv i bygdene våre, så må vi bruke dei slik at det er liv laga for drivarane. Så: handle lokalt gjeld framleis!