Storfjordnytt
3 minutter lesetid

Mange meiner mykje om mangt

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det mange som meiner mykje for tida. Det er slikt vi i redaksjonen likar og ønskjer oss meir av! For kva er vel meir naturleg enn å lufte meiningane sine i lokalavisa…? Det er nesten så ein føler seg hensatt til «gamle dagar» med papiravisa denne veka, nettopp fordi det er så mange lesarinnlegg. Prosjektet i Raudbergvika er det stadig tilbakevendande temaet, det er det mange av denne vekas innlegg dreier seg om.

Saken fortset etter annonsa

Det er lov å ha ulike meiningar – eg synest vi skal heie på det! Rett og slett fordi vi har lov til å meine, akkurat det vi vil, om kva vi vil, utan at styresmaktene kjem og «slår oss i hovudet med noko hardt». Alle er faktisk ikkje like heldige som det vi er på det området.

Og som de vil oppdage, om de enno ikkje har oppdaga det, sprikar meiningane om planane for Raudbergvika. Nokre vil helst skrinleggje heile prosjektet, medan andre – med nesten eit samla politikarkorps – helst hadde sett at prosjektet allereie var i gang. Når eg seier «nesten» om politikarane i Fjord, så er det fordi eg med stor undring noterer meg at eitt av leserinnlegga er signert gruppeleiarane i alle dei politiske partia i Fjord, unntatt Fjord SV. Det er litt underleg synest eg, for inntil no har Fjord-politikarane vore samstemte når det gjeld Raudbergvika. I det minste samstemte nok til at dei vedtaka som til no har vore fatta politisk, har vore samrøystes. Kva skjedde? Kan vi vente oss at fleire av partia i Fjord skiftar meining slik at Raudbergvika-prosjektet, som til no har vore eit tverrpolitisk ønske, i verste fall kan stå i fare for å bli nedstemt av politikarane våre ved komande korsvegar…? Og er dette eit teikn på at dei tre som så langt har halde saman og danna ein ganske solid posisjon no er i ferd med å skli frå kvarandre ikkje berre i denne saka, men også i andre saker…? Dette vert det spennande å følgje med på i tida som kjem! For er dette ein tendens også i andre saker, kan politikken i Fjord gå frå å vere ganske føreseieleg (og tidvis litt kjedeleg) til å bli det stikk motsette.

Eg innrømmer det så gjerne: prosjektet i Raudbergvika er gedigent. Det er kilovis med dokument i denne saka, og ikkje alle er like lette å verken lese eller forstå. Når saka er så omfattande at sjølv Statsforvaltaren ser ut til å streve med å forhalde seg til ho, så er det ikkje så rart at det er vrient for oss «vanleg dødelege». Det er dei færraste av oss som er ekspertar på dette feltet, og mange av oss endar opp med meir eller mindre kvalifisert synsing. Kanskje mykje det siste. Det er også lov, for alle kan ikkje vere fagfolk på alt. 

Saken fortset etter annonsa

Vi skal tole debatten. Vi skal tole at vi er usamde. Og det er kjempebra at debatten vert tatt på Storfjordnytt sine plattformer, altså på papir og på nett. Hald gjerne fram med det, for på den måten får lesarane med seg ulike perspektiv både om både Raudbergvika og andre saker, det er bra!