Eg er ikkje spesielt begeistra for vedtaket i kommunestyret førre veke der fleirtalet gjekk inn for at prosessen med å førebu utskriving av eigedomsskatt for hus, hytter og næring i bygdene våre. Ikkje for det, om verdigrunnlaget for eigedommen min vert om lag slik eg trur den blir, så skal eg nok kunne leve med det. Men: dersom eg hadde vore minstepensjonist, hadde eg derimot merka den ekstrarekninga godt.
Det er fascinerande å høyre argumenta for og imot denne skatten. Nokre av dei som ivrar for at Fjord kommune må innføre dette for å auke inntektene, argumenterer med at ettersom dei sjølve ikkje har problem med å ta ekstrarekninga, så vil dei fleste andre også greie det fint. Dei som argumenterer imot eigedomsskatten, brukar velkjende argument frå andre kommunar – om at dette kan bli «kroken på døra» for både hyttebygging og ein del verksemder og at folk vil flykte herifrå og søkje «asyl» andre stadar. Kjende toner frå andre kommunar, utan at det nødvendigvis har blitt slik.
Når det gjeld privatpersonars betalingsevne, så er ikkje slik at fordi om éin strevar, så strevar alle – eller motsett. Variasjonane er store. Fjord kommune har lenge lege i botnsjiktet i fylket når det gjeld gjennomsnittsinntekt – ifølgje fylkesstatistikken er det berre Vanylven, Volda og Sande som i snitt tener dårlegare enn innbyggjarane i Fjord.
Ifølgje levekårsundersøkinga til Statistisk Sentralbyrå (SSB) svarer nær ein av fem i Møre og Romsdal at dei ikkje greier ei uføresett utgift på 20.000 kroner i løpet av ein månad utan å måtte ta opp ekstra lån, selje eigedelar eller be om hjelp frå andre. Stadig fleire har problem med å betale rekningane sine og ikkje minst aukar andelen av dei som ikkje har råd til forbruksgode dei fleste av oss tar som ei sjølvfølgje som å halde bustaden passeleg varm, gå til tannlegen, ete variert og sunn mat eller byte ut eit utslite møbel når det er behov for det. Her i fylket ser ein også ein liten auke når det gjeld å ikkje ha råd til å delta på fritidsaktivitetar eller ta seg ei vekes ferie… Alt dette er saksa frå fylkesstatistikken, så opplysningane bør vere relativt korrekte.
Når ein i tillegg veit at det jula 2023 var 26 familiar som fekk levert matkasser, så viser det at det er mange i vesle Fjord kommune som slit med økonomien. Og det har berre blitt verre. I løpet av dei dryge to åra som har gått sidan initiativet til det som er blitt heitande «Givarglede» vart tatt, så har talet på dei som får matkasser auka. Og det ganske kraftig. Vi kan risikere at det ved neste korsveg, som er påska, vil vere endå fleire som har behov for slik hjelp. Dermed synest eg det er meir enn litt arrogant å argumentere med at «når eg ikkje vil ha problem med å ta ei slik ekstrarekning, så vil dei fleste andre heller ikkje ha problem med det». Eg tenkjer tilbake nokre år, til då eg sjølv sleit som mest med økonomien, då ville ei eigedomsskatterekning – uansett om den var 500, 1000 eller 6000 kroner – vere ikkje berre vanskeleg, men bortimot heilt umogleg å handtere.
For ikkje å snakke om næringslivet… Dei som sit med store næringseigedommar som ikkje genererer særleg inntekt, vil få ei ekstrarekning som kan vere vanskeleg å handtere, sjølv om summen i seg sjølv kanskje ikkje er så høg. Men – dei kan i det minste velte rekninga over på leigetakarane. Om dei har slike. På same viset vil Storfjordnytt med stort sannsyn få auka husleige her i «kraftverkbygget» – huseigar vil sjølvsagt dekkje inn eigedomsskatterekninga på den måten. Det har eg forståing for, sjølv om økonomien til lokalavisa ikkje akkurat jublar over dette. Vi driv marginalt nok som det er, til liks med svært mange andre bedrifter i kommunen.
No skal altså prosessen med å førebu dette i gang, det betyr taksering av eigedommar og ymse anna. I tillegg må ein ta stilling til botnfradrag, om nokon skal fritakast for eigedomsskatt og slike ting. Kan hende finn politikarane ut at dette ikkje nødvendigvis gir så stort påfyll til kommunekassa som dei trudde og snur i saka. Det er lov å håpe.
I staden bør politikarane lytte litt til Statsforvaltaren som på det mest bestemte meiner at det ikkje er nokon grunn til at Fjord kommune skal streve økonomisk med dei ekstrainntektene kommunen har som dei fleste andre kommunar ikkje har (les: kraftinntekter). Men då må noko gjerast med drifta av kommunen. Utan at eg har alle svara, er eg overbevist om at det er mogleg å omstille seg slik at ein kan gi gode tenester, til ein lågare pris. Men det krev politisk vilje til omstilling, det krev også vilje frå kommuneleiinga til å setje i verk politiske vedtak. Og ikkje minst, det krev vilje frå oss som bur i kommunen til å akseptere at ting i framtida må gjerast på ein annan måte enn no. Og hugs at annleis ikkje nødvendigvis betyr dårlegare…