Stortingets behandling av Nasjonal helse- og samhandlingsplan denne veka vart ein stor nedtur for alle som tilbyr døgnbasert rehabilitering. Det var ei rekkje framlegg frå opposisjonen som – om dei hadde fått fleirtal – ville ha sikra ikkje berre drifta av institusjonar som Muritunet, men også ville ha sikra pasientane som får god hjelp av dette tilbodet.
Framtida til både Muritunet og andre tilsvarande institusjonar rundt om i landet er derfor uviss. Signal frå helseføretaka er nemleg at meir av rehabiliteringstilbodet skal vere dag- og poliklinisk basert, dermed kan ein sjå føre seg ein situasjon der driftsgrunnlaget for Muritunet vert så redusert at både arbeidsplassar og tilbod til pasientar vert truga. Om dette worst case-scenariet slår til, kan ein altså risikere nedlegging av eit særs oppegåande og kompetent fagmiljø – og 90 personar vil i verste fall måtte finne seg anna arbeid. Det er ikkje berre berre i ein liten kommune som Fjord.
No skal ein ikkje svartmåle situasjonen heilt enno. Det står att å sjå kva som ligg i anbodsutlysinga som truleg kjem i løpet av nokre få veker. Det kan jo hende at det der ligg føringar som opprettheld også det døgnbaserte tilbodet, det står att å sjå.
Dette er så definitivt ei sak der ein må bu seg på det verste, men jobbe for og håpe på det beste. For konsekvensane som kan bli, er nesten ikkje til å tenkje på.