Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Så var ferien over

Så er Storfjordnytt-redaksjonen attende etter fire veker med lediggang, eller ferie som det også vert kalt. Og avisa vil igjen kome i postkassene til lesarar rundt om i landet. Her lokalt kjem avisa seinare på dag enn vanleg, ettersom det no er Posten som har omdelinga av avisa og ikkje avisbodet. Men – vi har forsøkt dette tidlegare, for omlegginga skjedde allereie 1. juli. Det vi seie at siste avisa før ferien vart distribuert med Posten. Det såg ut til stort sett å ha fungert og vi håpar det vil halde fram slik.

Saken fortset etter annonsa

Nettavisa har ikkje vore like hyppig oppdatert som eg såg føre meg då vi tok ferie, men eg håpar det i alle fall innimellom har vore noko av interesse å lese. Uansett, no er redaksjonen i gang att for fullt, så det vil bli godt stoff (forhåpentleg) både digitalt og på papir i tida framover.

Det vert ein begivenheitsrik haust for mange. Mellom anna er Syltebøen barnehage samla igjen, etter at ein førre barnehageår hadde ein «satelitt» på Martin Linge-huset. Dei på skjerma avdeling i Valldal, «Loftet» som det vert kalla, skal flytte til Stordalstunet og så kan ein kanskje håpe på at departementet i løpet av hausten får meint noko om Hofseth sitt prosjekt i Raudbergvika. Om litt er det skulestart – og utover hausten startar arbeidet med neste års budsjett for fullt. Det blir med andre ord ikkje kjedeleg, verken for dykk eller for oss.