Avisa du les no (i alle fall om det er papiravisa du les), er den siste før redaksjonen tek ferie i fire veker. Men fortvil ikkje: nettavisa tek ikkje ferie, det vil seie at underteikna heller ikkje tek ferie. Ikkje eigentleg. Eg har berre litt meir fri enn vanleg. Men resten av redaksjonen har fri. Det betyr at vi ikkje har kapasitet til å vere alle stader det skjer noko i løpet av desse fire vekene. Dermed ber eg om at de gjer som de brukar å gjere: er de på noko der vi ikkje er, så tek vi gjerne imot både bilete og nokre ord.
Så er det også slik at frå og med denne veka så er det ikkje noko avisbod som køyrer aviser her inst i fjorden. Det gjeld ikkje berre Storfjordnytt, men også Sunnmørsposten og andre aviser de måtte abonnere på. Dermed er det Posten som overtek den oppgåva. Forhåpentleg vil ikkje det ha anna praktiske konsekvensar for dykk lesarar enn at de får avisa i postkassa på ei anna tid på dagen enn tidlegare. Dette er ting vi ikkje får gjort noko med, så vi må berre gjere vårt beste for å venje oss til det…
Heit til slutt vil eg nytte høvet til å ønske nye og gamle lesarar, annonsørar og alle andre ein riktig god sommar. Håpar at flest mogleg av dykk får «lada batteria» før hausten set inn. Så er papiravisa attende torsdag 8. august.