I veka som har gått sidan førre avis, har det vore mykje vêr i området vårt. Det har regna, det har blese, det har sludda og det har snødd. Torevêr har eg høyrt rykte om at det òg har vore, utan at eg har fått med meg akkurat det.
I helga var det så uroleg at ferja på sambandet Eidsdal-Linge var innstilt meir eller mindre heile laurdagskvelden. Underteikna hadde tenkt seg til Stranda, på konsert med Skarbø skulekorps. Men – sidan vêret vart så ufyseleg, fann eg ut at eg ikkje tok sjansen på å bli vêrfast på Stranda. Men så vart eg og fleire med meg vêrfaste på Linge i staden. Det vart ein spesiell laurdagskveld. Men vi som var stranda på Linge, vi kom oss heim til slutt, for ferja greidde å gjennomføre siste rundturen over fjorden.
I vêr som det var denne kvelden, hadde det nok truleg ikkje vore hjelp i ei bru over fjorden – den hadde nok vore stengt den også, men kanskje ikkje heile kvelden. Likevel, det er på høg tid at formalitetane rundt bruselskapet kjem i orden slik at arbeidet med å få til ferjefri kryssing av fjorden kjem i gang for alvor. Det har vore fleire hendingar siste tida som viser at vi treng brua over fjorden slik at det blir ein føreseieleg kvardag for dei som bur i dei tre sørside bygdene. For utan føreseielegheit i kvardagen, vil kanskje fleire velje vekk Eidsdal, Norddal eller Geiranger som ein plass å bu. Slik kan vi ikkje ha det.