Det er 1. pinsedag, og eg finn Li og André frå Schleswig i Tyskland ved eit bord utanfor Rosekyrkja. Dei bur berre ca 50 km frå grensa til Danmark. På spørsmålet om eg kan få ta eit bilde av dei og stille nokre spørsmål, er svaret ja. Det skal sendast vidare til lokalavisa, seier eg. Dei fortel at dei har overnatta på Lom natta før. På turen har dei lagt merke til at det er snø på Geirangerfjellet, og at temperaturen var nede på berre 2 grader.
I Geiranger hadde dei stoppa i bortimot ein time. Der var det mange turistar, og der låg også eit cruiseskip. Dei hadde køyrt vidare opp Ørnevegen og kome over til Linge med ny ferje og over nye ferjekaier. No hadde dei funne seg ein roleg plass ved Rosekyrkja og kunne finne fram sin eigen mat frå kjølebagen. Dei skulle vidare og overnatte privat ein stad i Ålesund.
Før dei sette seg i bilen, såg dei Fjellåna på andre sida av dalen og snakka om dei mange fine «Wasserfälle» vi har her i landet. Dette med dei kvite fossane og det reine vatnet er noko som eg høyrer ofte og kanskje helst frå tyske turistar.
Li og André representerer turistar som reiser på ein billeg måte, men dei skulle køyre heilt til Nordkapp og vere på reise i fleire veker. Dei er unge menneske, og det seier seg sjølv at dei kan ikkje bu på hotell kvar natt. Over så lang tid vil dei likevel måtte legge att ein del pengar her i landet til dømes til bensin. Dei køyrde i ein liten fossilbil.