Vi har fått melding frå distribusjonen at på grunn av vêret så vil all distribusjon natt til i morgon bli innstilt i heile Møre og Romsdal.
Det distribusjonen seier er at dette vil bety forseinka utlevering av aviser, men at dei håpar å vere a jour att i løpet av veka.
Det er meldinga vi har fått – og dermed veit vi rett og slett ikkje om Storfjordnytt (eller andre aviser for den del) kjem ut til abonnentane i det heile tatt i morgon.
Vi vil halde dykk oppdaterte dersom vi får meir informasjon.