Ferjetrafikken på fylkesvegane hittil i år er om lag 4 prosent høgare enn i fjor. Det er variasjonar mellom sambanda, der mellom anna stenginga av Trollstigen påverkar. Talet på attståande køyretøy gått kraftig ned. Nesten 15 000 færre blei ståande att på kaiene i 2024 samanlikna med 2023. Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Møre og Romsdal fylkeskommune driftar 20 ferjesamband, og ferjene transporterte meir enn 2,6 millionar køyretøy i perioden januar til og med juli 2024.
Stenginga av Trollstigen påverkar
Det er ei auke i trafikken på en del samband, men Eidsdal-Linge og Sølsnes-Åfarnes har begge stor nedgang samanlikna med juli 2023. På Eidsdal-Linge er det nedgang på 25 prosent.
– Dette har truleg samanheng med mindre turisttrafikk som følgje av stenginga av Trollstigen, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM.
– I tillegg var sambandet ute av drift i nokre dagar på grunn av skade på kai.
Stenginga av Trollstigen kan også ha påverka tala på Åfarnes-Sølsnes, som har ein nedgang på 15 prosent i juli samanlikna med juli i fjor. Sambandet var også nattestengt i periodar på våren i samband med overgang til elektrisk drift.
Svak trafikkauke, men langt færre attståande køyretøy
Talet på attståande køyretøy i 2024 har gått ned samanlikna med 2023. Teljinga viser at ved utgangen av juli 2024 var det om lag 8000 køyretøy som ikkje fekk plass på ferja og måtte vente til neste avgang.
– Her viser tala ein nedgang på 64 prosent frå 2023, noko som er gledeleg, seier Helle-Tautra.
– To av årsakene kan likevel forklarast med at Eidsdal-Linge har fått nye og større fartøy, i tillegg til mindre trafikk på grunn av Trollstigen.
Auke på fleire av dei største sambanda.
Samanlagt for alle sambanda langs fylkesvegane er trafikktala litt høgare enn i 2023.
Magerholm-Sykkylven er det største sambandet på fylkesvegane i Møre og Romsdal, målt i talet på køyretøy. Køyretøy under 6 meter har auka med 0,6 prosent, medan køyretøy over 6 meter har auka med 1,7 prosent.
På fylkesvegane sitt nest største samband, Hareid-Sulesund, har trafikken auka med 6,7 prosent for køyretøy under 6 meter. Køyretøy over 6 meter har auka med 4,4 prosent.
Åfarnes-Sølsnes har ein samla nedgang på om lag 4 prosent hittil i år, kor årsaka er knytt til bortfall av sommartrafikken i juni og juli månad. Trafikktal til og med mai 2024 viser at sambandet hadde ei auke på 1,3 prosent samanlikna med same periode i 2023.
Aukra-Hollingsholmen har hatt ei stor auke for bilar under 6 meter, med 16,5 prosent. Bilar over 6 meter har ei auke på 7,4 prosent. Dette betyr at det var over 35 000 fleire køyretøy i 2024, samanlikna med same periode i 2023. Det er naturleg å sjå trafikkveksten i samanheng med at sambandet vart gratis for køyretøy frå august 2023.
Seivika-Tømmervåg har ei auke på 5,1 prosent for køyretøy under 6 meter, og 1,5 prosent for køyretøy over 6 meter.
Jamnt større trafikk på gratissambanda
Samla auke på gratissambanda er på 13 prosent hittil i år, samanlikna med same periode i 2023. Sambanda ein må betale for har ei samla auke på 2 prosent. Om ein ser vekk frå utviklinga for Eidsdal-Linge og Åfarnes-Sølsnes, som truleg er påverka av stenginga av Trollstigen, er trafikkveksten i resten av sambanda ein må betale for på 4 prosent.
1. juli 2022 innførte regjeringa midlar til gratis ferje for samband under 100 000 passasjerar. I august 2023 blei tilbodet med gratis ferjer utvida til alle samband som ikkje har alternativ reiseveg til fastlandet. Alle gratis-sambanda har ein høgare prosentvis auke i trafikken enn dei som ikkje er gratis.