No er arbeidet med å sikre ei avskjeringsgrøft langs den nasjonale turistvegen fullført. Dette var første del av skredsikringsarbeidet, og ein ventar no på å kunne tildele kontrakt til entreprenør for del to.
– Vi er glade for at arbeidet i første del av strakstiltaka stort sett har gått som planlagt, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Entreprenøren Veidekke Industri AS har saman med underentreprenør Terrengentreprenøren AS lagt ned ein imponerande innsats i Trollstigen gjennom heile sommaren for å bli ferdig i tide.
Neste del av arbeidet er fjellrensk- og sikringsarbeid i fjellsida Kjelstadlinja. Her er tilbodsfristen for entreprenørar denne veka, og arbeidet forventast å være i gang i løpet av september.
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål og kunne opne Trollstigen i turistsesongen i 2025, dersom alt går etter planen og det ikkje dukkar opp noko uforutsett i fjellet.