På grunn av meldingar om stor skredfare i tida som kjem, også i Indreeidsdalen, blir den nye Indreeidstunnelen på fylkesveg 63 mellom Indreeide og Korsmyra, opna for trafikk klokka 20 i kveld, torsdag 1. februar.
Sjølv om tunnelen ikkje har fått ferdiggodkjenning enno, har fylkeskommunen høve til å opne tunnelen for trafikk dersom det skulle vere behov for det.