Det har vore jobba intenst med opprydding og klargjering av vegen etter jordskredet som gjekk mellom Grande og Geiranger, søndag ettermiddag. Det blir sett trafikk på vegen att kl. 14.00 tysdag 3. desember, det melder Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Vi er veldig letta over at det gjekk bra med dei som blei råka av skredet. Etter dette skjedde er det gjort ein formidabel jobb, av alle involverte partar, med opprydding og reparasjonar, som gjer at vi kan opne vegen igjen så kort tid etter raset gjekk, seier Jesper Wiig, samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.