Politiet melde klokka 22 fredag kveld at naudetatane rykker ut til ei motorsykkelulykke i Valldal.
Personen blir tatt med av luftambulansen til Ålesund sjukehus. Den skadde er ein mann i 20-åra.
Ulykka er det politiet kallar ei singelulykke, med berre éin person involvert.
Klokka 23:35 er køyretøyet berga av bilberger – og politiet opprettar sak på forholdet.