Fjord1 melder fredag kveld at ein reknar med at det vil ta om lag to dagar å reparere ferjekaia i Eidsdal. Dermed vil det ikkje gå ferje på sambandet Eidsdal-Linge i denne perioden.
Sambandet vil bli betjent av passasjerbåt mellom Valldal-Norddal-Eidsdal.
Omkøyring vil vere via Hellesylt-Geiranger – og i morgon, laurdag 6. juli, vil det bli sett inn ekstra ferje på sambandet Stranda-Liabygda frå om lag klokka 10.
Fjord1 lovar ny informasjon om situasjonen i løpet av laurdag ettermiddag.
Det skal ha vore ein feil knytt til styringa av propellar som var grunnen til at Sunnylvsfjord krasja i kaia i Eidsdal. Om begge dei splitter nye ferjene har same feilen, kan det ifølgje Fjord1 ta tid før sambandet har full drift igjen. Ormåsen håpar at det «berre» dreier seg om ein svikt i softwaren, altså programvaren, men legg til at det vil ta litt tid å finne ut av akkurat det.
– Vi set ikkje Norddalsfjord inn på sambandet igjen før vi er heilt sikre på at den er «frisk», seier regionleiar Odd Reidar Ormåsen i Fjord1.
– Vi jobbar med å mobilisere mannskap og nødvendig utstyr for å kunne reparere kaia i løpet av helga, seier Gitte Beiermann, teamleiar forvaltning bru og ferjekai i Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Ferjekaibrua er kritisk skadd, og det er for tidleg å seie når kaia kan opnast for trafikk, seier Beiermann vidare.
Når ferjekaia i Eidsdal blir friskmeldt, vil ferja Stordal gå inn på sambandet – og så seier Ormåsen at dei jobbar med å få på plass ei B-ferje også.
Rutetidene for passasjerbåten finn du på denne linken på Fram sine sider.