Fjord1 melde laurdag ettermiddag at sambandet Eidsdal-Linge vert innstilt etter avgangen frå Linge kl 20.30 i kveld (laurdag 27. april).
Årsaken skulle ifølgje Fjord1 vere driftsproblem, men etter det Storfjordnytt erfarer, var det mangel på mannskap som var årsaken.
No har Fjord1 fått orden på sysakene att, og melde for litt sidan at avgangane utover kvelden går som normalt fram til og med avgang klokka 23.15 frå Eidsdal. Avgangen klokka 23.30 frå Linge vert innstilt.