Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Vegen mellom Grande og Geiranger opnar ikkje i dag, søndag, og truleg ikkje måndag heller

Møre og Romsdal politidistrikt melde søndag ettermiddag at det var gått eit jord-/sørpeskred over vegen mellom Grande og Sildesteinen. Ein bil med fire personar stod i skredet, personane vart evakuerte – uskadde. Det var ikkje observert andre bilar i området.

Saken fortset etter annonsa

Vegen er naturleg nok stengt. Og skal ein tru oppdateringane på Statens vegvesen sine nettsider, kan ein risikere at vegen ikkje vert opna før i 18-tida tysdag 3. desember.