Måndag morgon vil Møre og Romsdal fylkeskommune vurdere høva på fylkesveg 63, mellom Grande og Geiranger, som er stengd etter eit jordskred som gjekk søndag ettermiddag.
Så snart det er dagslys vil mannskap undersøke rasområdet og iverksette oppryddingsarbeid så snart det blir vurdert som trygt nok.
Lite truleg med opning måndag
– Vi håpar å kome raskt i gang med opprydding av vegen slik at den kan opnast igjen så snart som råd. Men vi treng dagslys til å få oversikt over omfanget. Per no veit vi ikkje kor lang tid det vil ta før vi kan opne igjen, men vi reknar med vi veit meir i løpet av måndag ettermiddag. Det er lite truleg at vegen opnar måndag, men vi går ut med informasjon så snart vi har fått betre oversikt, seier samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig.
Skoletrafikken
Alle elevar skal kome seg på skulen i Eidsdal i morgon, men det blir alternativ køyrerute for skuleskyssen. Dei det gjeld har fått melding om dette. I Geiranger går skuleskyssen som vanleg.