Komande torsdag kveld vil Tindrande Eidsdal, som del av Eidsdalsrøre-festivalen, arrangere informasjonsmøte om Raudbergvika.
Til liks med førre gong det var eit slikt møte, føregår det på Røde Kors-huset i Eidsdal.
Til møtet kjem representantar frå Hofseth – og i tillegg vil Fjord kommune vere representert ved ordførar Terese Jemtegård Moen.
Arrangøren seier i ei pressemelding at det er ønske om at alle skal kunne kome med spørsmål til prosjektet, enten til Hofseth eller Fjord kommune. For at spørsmåla skal kunne bli svart ut på best mogleg vis, ber Tindrande Eidsdal om at dei som allereie no har konkrete spørsmål til nokon av deltakarane, om å sende dei inn.
Arrangørgjengen har sett frist for innsending av spørsmål til søndag 2. juni – og send då gjerne spørsmåla på e-post til tindrande@eidsdal.no